Ny Hundeide bru - 8,5 mill kr

Dagens Hundeide bru er ein flaskehals på Torheimsvegen (Fv 662). Det er ei stålbjelkebru bygd i 1950, med føringsbreidde på berre 3 meter. Utskifting av brua er særskilt viktig for tømmertransporten. Den dårlege standarden på dagens bru gjer det umogleg med rasjonell uthenting av tømmer i skogsområda, Hundeide, Hunvik, Sørland, og Torheim, vest for brua.

− På eit trongt fylkesvegbudsjett er det funne plass til svært få nyinvesteringar på vegnettet i 2017. Som ordførar i Eid er svært glad for at ny Hundeide bru er ein av nyinvesteringane, faktisk det nest største nye investeringsprosjektet på fylkesveg i heile Sogn og Fjordane i 2017, seier Alfred Bjørlo.

Nybygg Eid vgs - 7 mill kr.

Prosjektet gjeld eit mindre tilbygg på 220 kvadratmeter til Eid vidaregåande skule, som er kome fram etter eit behov frå Eid kommune for undervisningsareal til nykomne flyktningar. Det er eit kommunalt og fylkeskommunalt ynskje at undervisninga vert lagt til Eid vidaregåande skule slik at det er høve til samarbeid om det pedagogiske opplegget og ha god integrering. Arealbruken på skulen i dag er «sprengt», og nybygg er einaste moglegheit for å få til eit slikt tilbod.

− Dette er ei sak Eid kommune har arbeidd med opp mot fylkeskommunen i lang tid. Som ordførar er eg svært glad for at fylkeskommunen har vore positiv til å få denne utbygginga på plass, og at det no er klart for bygging i 2017. Det betyr mykje for god integrering, og for vidare utvikling av Eid vidaregåande skule som ein «sambruksarena» for fylke og kommune, slik vi allereie gjer gjennom Operahuset Nordfjord og Gymmen, seier Alfred Bjørlo.

Kommunestyre

− Investeringa er knytt til ein tiårig leigeavtale med Eid kommune. Denne skal formelt vedtakast av kommunestyret i Eid 15. desember, men vart samrøystes innstilt av Formannskapet si st veke, seier Eid-ordføraren.