Dette kjem fram i ei pressemelding frå styringsgruppa for Stad skipstunnel, som onsdag hadde møte med nestleiar i LO, Hans Christian Gabrielsen.

LOs distriktssekretær for Sogn og Fjordane, Nils P. Støyva, ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, og prosjektleiar for Stad skipstunnel, Randi P. Humborstad, hadde tatt turen til

Oslo for å orientere om status for prosjektet, og for å be om støtte og draghjelp inn mot rullering av Nasjonal transportplan (NTP).

I første fireårsperiode

Nestleiar i LO, Hans-Christian Gabrielsen, var tydelig på at LO står fast på at Stad skipstunnel må realiserast i første fireårs periode av NTP (2018-2021). Ny NTP blir lagt fram for Stortinget våren 2017. LO har vore ein viktig støttespelar for Stad skipstunnel-prosjektet i alle år, og har eit samrøystes kongressvedtak om realisering av Stad skipstunnel, som går helt tilbake til 2009. Også den tidlegare LO-leiaren, Roar Flåthen, spelte ei viktig rolle inn mot Nasjonal transportplan som blei vedtatt i Stortinget 18. juni i 2013. Den raudgrøne regjeringa la da Stad skipstunnel inn i Nasjonal transportplan (NTP) i siste 6-års periode med 1 milliard kroner (f.o.m. 2018).

Viktig prosjekt

For LO er Stad skipstunnel eit viktig prosjekt for å få realisert målsettinga med å få meir gods frå veg til sjø. Dei fire borgarlege partia er einige om å flytte 30 prosent av godstransporten frå veg til sjø og bane innan 2030. Det tilsvarar minst 300 000 trailerar i året. Gabrielsen var tydelig på at for å få til dette så må ein få på plass effektive transportruter langs kysten vår, og at realisering av Stad skipstunnel betyr en meior effektiv seglas forbi det frykta Stadhavet med reduserte ventetider og regularitet for sjøtransporten.

− Stad skipstunnel er eit svært viktig prosjekt for å lage meir robuste arbeidsmarknadsregionar og ta heile kysten i bruk. Den maritime klynga på Vestlandet er heilt unik, og skipsfarten og fisket langs kysten treng denne tunnelen ut i frå både eit tryggleiksperspektiv, men også i forhold til infrastruktur og mobilitet av menneske, varer og tenester», seier nestleder i LO, Hans-Christian Gabrielsen.

Miljøtiltak

− Stad skipstunnel er dessutan eit viktig tiltak for å få flyttet meir gods frå veg til sjø. Dette vil også vere et nyttig bidrag for å nå klimamåla i Parisavtalen. LO vil være ein aktiv samarbeidspartnar for å få realisert Stad skipstunnel i første 4-års periode av Nasjonal transportplan», avsluttar Gabrielsen.