Fylkesordføraren har tru på framtida til fylket - anten som ein sterk part av ein eventuell vestlandsregion, eller innanfor dagens grenser.

– Folketalsveksten styrkar også fylket, den er no den største blant vestlandsfylka, sa fylkesordføraren til tingsetet i dag.

– Fylkestinget i desember 2016 markerer slutten på eit spennande og krevjande år som har utfordra både fylkespolitikarar og heile den fylkeskommunale organisasjonen. Regionreforma og økonomiske utfordringar vil følgje fylket også i året som kjem, sa fylkesordføraren i sin tale til fylkestinget.

Les heile talen her.

Tru på framtida til fylket

Det er fleire store saker med stor innverknad på fylket som skal landast i Stortinget i 2017.

– Vi har gått inn diskusjonen om regionreforma med ambisjonar og tru på at dersom Vestlandsregionen vert eit faktum, så skal Sogn og Fjordane vere ein sterk part i ein slik region. Forhandlingsresultata som ligg i intensjonsavtalen er eit vitnesbyrd om dette og eg trur på framtida til fylket anten innanfor dagens grenser, eller som del av ein ny region, sa fylkesordførar Jenny Følling.

Folketalsvekst

Og det er mange som har trua på fylket. I 2016 er Sogn og Fjordane blant topp fem av fylka med størst folketalsvekst i landet, med den største veksten blant vestlandsfylka. Folketeljinga  viser at vi er blitt 832 fleire innbyggjarar i fylket på 9 månader, ei veksttakt på om lag 1% på års-basis.

– Og ikkje nok med det. I 2016 viser tala så langt vekst i 21 av 26 kommunar. Dette er kjekt, og det viser at vi gjer mykje bra, sa Følling.

Styrka fellesskap og eit trygt samfunn

Fylkesordføraren nemnde også avsløringane av eit omfattande overgrepsnettverk i operasjonen «Dark Room», der overgrep mot born vart avslørt. – Eg reagerte med sinne og vantru. Vi må rive denne mørkaste aktiviteten opp med rota. Vi skal ikkje tie dette i hel, men varsle, snakke og skrive det i hel til desse personane ikkje finn nokon stad å gøyme seg, sa Følling.

Fylkesordføraren oppmoda om å nytte desembertida til å ta vare på kvarandre, vere observante og lyttande både for dei nærmaste, og også dei ein ikkje kjenner så godt.

– Eit styrka fellesskap og samfunn krev meir nestekjærleik, meir respekt for det ukrenkelege enkeltindividet, meir fellesskap og eit samfunn der born alltid får vere born, avslutta Følling.