Etter innbrot og hærverk i Eid kyrkje natt til torsdag 24. november, er no Eid kyrkje igjen snart klar til bruk.

Berre to veker etter at kyrkja blei øydelagt av pulver frå brannsløkkingsapparat, kan den igjen opne dørene for publikum torsdag 8. desember.

Det er firmaet Recover Nordic, med avdeling i Volda som har utført arbeidet.

–Dette har gått raskare enn vi først hadde planlagt. Planen var at konserten med Ytre Suløen måtte flyttast til Stårheim kyrkje torsdag kveld. Men på grunn av godt arbeid frå det innleigde firmaet kan vi no bruke Eid kyrkje allereie på torsdag, seier kyrkjeverje Kristen Hundeide.

Støvsuga

Reingjeringsfirmaet har støvsuga veggar, kyrkjebenkar, golv og delar av taket. Putene i kyrkjebenkane er blitt rensa. Til torsdag skal kyrkjerommet nede bli klart for publikum, medan galleriet blir stengt fram til søndag. Men då skal også det vere klart, når den tradisjonelle julekonserten med korps og kor skal gjennomførast.

Altertavla

Det som enno ikkje er blitt reingjort er måleri og altertavla. Her må ein ha konservatorar på plass før ein kan gjere noko. Det nyrestaurerte taket med dekorasjonar av Kinsarvik er også blitt støvsuga. Det gjeld altså taket lengst framme i kyrkja.

Taket over kyrkjebenkane er av eldre dato og kan ikkje støvsugast. Her må ein også bruke andre metodar for å få vekk eventuelle restar av støv. Gardinene i kyrkja er blitt tekne ned. Dei skal rensast eller erstattast med nye.

Til våren

Medan det har gått raskt å få fjerne brannvernpulveret i kyrkja, vil det ta langt lenger tid før kyrkjeorgelet kan brukast igjen. Kyrkjeverje Kristen Hundeide håpar på at orgelpipene er blitt reparert og klar til konfirmasjonane i mai.