Laurdag 3. desember blei det semje mellom regjeringa og samarbeidspartia Venstre og Kristeleg Folkeparti. Partiets stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane, Sveinung Rotevatn, er nøgd med kva budsjettet betyr for heimfylket, og særleg at satsinga på breibandsutbygging blir styrka med 45 millionar kronar.

− Sogn og Fjordane er det fylket der flest har dårleg nettdekning. Samstundes ser vi at samfunnet vert digitalisert, og stadig fleire tenester føregår på nettet. Det gjer det absolutt nødvendig å prioritere utbygging av breiband, seier Rotevatn som førre veke var på besøk hos Enivest i Førde, som uttrykte stor uro for den fortsatt dårlege nettdekninga i fylket.

Umogleg

− Eg fekk stadfesta at ei offensiv satsing på breiband er heilt nødvendig for Sogn og Fjordane. Difor har Venstre prioritert dette høgt i budsjettforhandligane, og er glade for at vi kom i mål. Det er tilnærma umogleg å drive offensiv næringssatsing utan god nettdekning, ikkje minst i dei framveksande, teknologitunge næringane. Her er potensialet stort. Berre i Sunnfjord er det allereie om lag 500 arbeidsplassar i IT-industrien, og det kjem til å kome mykje meir, seier Rotevatn.

138,7 millionar

Etter at Venstre og KrF lukkast med å få regjeringa med på å auke breibandssatsinga med 45 millionar kroner, vil det neste år bli brukt 138,7 mill. kroner på dette føremålet. Det er opp frå 126,5 mill. kr. i årets budsjett, og 110 mill. kr. i 2015.

Rotevatn ser frem til at folk i fylket snart vil oppleve eit merkbart hurtigare nett.

− Det er naturleg at Sogn og Fjordane får ein stor del av breibandsmidlane, det brukar vi å få, og eg håpar arbeidet med utbygging i Sogn og Fjordane vert prioritert også framover. Det er her det trengs!, avsluttar han.