– Takk til alle som brydde seg og sa kva dei meiner, seier direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum, som er svært godt nøgd med resultatet. Høyringa stadfestar kor viktig nynorsk er for mange på Vestlandet, og kor viktig det er for folk andre stader i landet at den nye regionen blir nynorsk, seier Grepstad. – Dei overveldande mange fråsegnene viser eit personleg språkpolitisk engasjement som er sterkare enn vi våga å håpe på.

Avgjerd dei komande vekene

Denne og neste veke tek dei tre fylkestinga endeleg stilling i regionsaka. I eit felles bev til fylkestinga peikar leiarane i Noregs Mållag og Noregs Ungdomslag og rådsordføraren i Nynorsk kultursentrum på at mange no ventar at fylkestinga gjer vedtak om språk og ikkje sender saka over til ei fellesnemnd i framtida.

«I respekt for demokratiske spelereglar og dei som har teke imot invitasjonen til å engasjere seg i regionsaka, bør fylkestinga ta stilling no. Det er fylkestinga dei har valt, dei som har ytra seg, og det er til desse fylkestinga dei har vendt seg med meiningane sine. Då må ikkje dette reduserast til ei oversendingssak til eit organ ingen har røysta på», heiter det i brevet som alle fylkestingsmedlemene fekk fredag.

Dobbelt opp

Tidleg i oktober inviterte Nynorsk kultursentrum Noregs Mållag, Noregs Ungdomslag og Landssamanslutninga av nynorskkommunar til ein aksjon der målet var minst 250 høyringsfråsegner for nynorsk. Resultatet blei nesten dobbelt så mange.

– Vi la fram fakta og eit dusin sentrale argument og gjorde alt saman lett tilgjengeleg på nettet. Fråsegnene skreiv folk sjølve, fortel Grepstad som rosar målrørsla for godt arbeid og fortel at 69 lokale mållag og ungdomslag sende fråsegner.

Blant dei meir enn 400 andre som vil ha nynorsk, er både Bergen kommune, Hordaland Unge Høgre, Sparebanken Vest, Fagforbundet i dei tre fylka, Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum i Odda og Jæren prosti.

Åtte av ti

Åtte av ti går inn for nynorsk, anten i generelle vendingar eller meir presist om språk i skriv frå staten og/eller administrasjonsspråk i regionen. Seks av ti fråsegner er skrivne av privatpersonar, og nesten alle desse handlar om språk.

– Stikkprøver viser at halvparten av privatpersonane ikkje er med i noko mållag. Her er det grasrota, grunnplanet, folk flest som snakkar og skriv, ikkje dei som ofte og gjerne tek ordet, seier Grepstad.

Måndag morgon var 613 fråsegner registrerte. Det gjer denne høyringa til ei av dei største i nyare tid: – Det kom inn fleire høyringsfråsegner om søndagsopne butikkar, og den saka gjaldt kvart einaste lokalsamfunn i heile landet. Meiningane er delte om regionen, men språket har ingen lenger sakleg grunn til å vere i tvil om, seier Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum.