Då formannskapet i Eid torsdag handsama kommunebudsjettet for 2017, var det framleis eit par store postar som var uavklarte, fordi det ikkje var oppnådd semje om statsbudsjettet. Det eine gjeld regjeringa sitt forslag til omlegging av overføringar i samband med mottak av einslege mindreårige flyktningar, som vil gi Eid  5,7 millionar kroner ekstra. Det andre er ungkarstilskotet (ufrivillig åleine-kompensasjon) på 2,7 millionar kroner.

No er flyktningmidlane sikra, og Eid-politikarane kan puste letta ut.

–  Det har vore stor usikkerheit knytt til dette, og eg sov litt betre i natt, seier Eid-ordførar Alfred Bjørlo søndag føremiddag. Dersom det ikkje hadde blitt ståande, hadde ein måtta teke ein ny runde over nyttår for å finne dei nesten seks millionar kronene ein annan stad.

Når det gjeld ungkarstilskotet, som i Eid sitt budsjett ligg inne med 2,7 millionar kroner, så reknar Bjørlo med at det kjem på plass i samband med kommunalkomiteen si behandling av statsbudsjettet.  Det var dette dei fekk signal om då dei var i møte med komiteen.

Fiber og fleire lærarar

Når det gjeld statsbudsjettet, så nemner Eid-ordføraren fleire godbitar som kan gje utteljing. Det ligg inne 450 millionar kroner til fleire lærarar i småskulen, 1.-4.klasse. Utifrå folketal kan det innebere om lag 500.000 kroner ekstra til Eid.

– Statsbudsjettet har ein veldig god distriktsprofil. Der ligg inne auka midlar til breiband. Det blir jobba med mange gode prosjekt i Eid, og auka breibandsatsing er noko som kan kome Eid til gode, seier ordføraren, som sjølvsagt også er svært godt fornøgd med at Norsk Fjordhestsenter får 750.000 kroner meir. Hestesenteret fekk den same summen til ekstra satsing i fjor, i regjeringa sitt framlegg var den kutta, men er no altså inne igjen.

–  Fjordhesten er inne i ein god trend. Dette inneber at ein kan halde trykket oppe, seier Eid-ordføraren som er imponert av jobben Sveinung Rotevatn og Venstre saman med Krf har gjort.

Bjørlo legg vekt på at dette har handla om heilt andre ting enn nokre øre billegare eller dyrare bensin.

– For Venstre har dette handla om heilt konkrete ting som å få på plass auka satsing på breiband og fiber, pengar til fleire lærarar i barneskulen og til vidaregåande skule i Sogn og Fjordane, til helsesøstre og psykisk helse, rassikring av vegane våre, kultur og kulturminnevern.

–  Og så ligg det inne ei storstilt satsing på overgang til nullutslepps-teknologi i heile samfunnet, alt frå landstraum i hamnene våre til auka bruk av biodrivstoff og straum som vil flytte verdiskaping i stor stil frå dei multinasjonale olje-selskapa til det grøne næringslivet i Sogn og Fjordane med lokalt eigarskap (inkludert bønder og skogeigarar). Og auka satsing på såkornmidlar og nye bedrifter i både det nye grøne næringslivet, IKT-næringane og næringslivet i distrikta elles.

– Dette er rett og slett ein strålande jobb av Sveinung & co. Eid, Nordfjord og Sogn og Fjordane vil bløme i det grøne skiftet som med dette vil kome for alvor!, skriv Eid-ordføraren i ein begeistra facebook-kommentar like etter at budsjettsemja var på plass.