Utgangspunktet er at Selje har signalisert at dei ser det som ei svært lite hensiktsmessig løysing å berre bli slått saman med Vågsøy. Skal dei inn i ein større kommune, vil dei gjerne ha med fleire.

–  Vi tenkjer mykje likt. Vi har felles visjonar og har ein god tone, men vi har førebels ikkje noko konkret å kome med, sa ordførar Alfred Bjørlo (V) då han orienterte finansutvalet om status. Han varsla samstundes at det kan bli eit møte i kommunereformutvalet i forkant av kommunestyret 15. desember dersom ein blir samde om nokre prinsipp og ser at det er grunnlag for å gå vidare.

Ikkje minst i samferdslespørsmål er dei to kommunane samstemde. Mellom anna ser også Selje betydninga av Lote-Anda.

Dei som sit i sonderingsutvalet frå Eid er Alfred Bjørlo (V), Sigurd Reksnes (Sp), Eli Førde Aarskog (H) og Siri Sandvik (Ap).

Siri Sandvik (Ap) var den som verka å vere mest skeptisk. Ho peika på at Selje og Eid ikkje har felles kommunegrense, og at ein uansett bør ha med fleire.

Eli Førde Aarskog (H) la vekt på at Eid kommune er for eit større Nordfjord-prosjekt, og når ein god nabo ønskjer samtalar, så stiller ein opp. Ho ser ikkje på det at dei to kommunane ikkje har felles grense som noko problem, og Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V) la til at det er det formelt sett heller ikkje.

– I Eid liker vi å omtale oss som regionsenter, og våre dører må stå opne for dei som vil snakke med oss. Vi har hatt ein god dialog, og eg har lyst til å snakke meir med dei, påpeika Sigurd Reksnes (Sp).

Lars-Svein Drabløs (Frp) minna om at det ligg føre ei tilråding frå Fylkesmannen om å slå saman Selje og Vågsøy, og at det er viktig at Eid er på offensiven.

–  Det bør kome noko inn til komiteen, og det ganske kjapt, elles går toget, for anbefalingane frå Fylkesmannen veg tungt, poengterte han.

– Vi må ha døra open for alle. Vi har sagt at vi ønskjer samtalar med Stryn, men dei har korkje sagt ja eller nei. Det er framleis mykje som svevar i lufta, påpeika ordførar Alfred Bjørlo.