Også i vårt nærmiljø finst det menneske som ikkje har så mange nære rundt seg, eller som av andre grunnar ikkje får julegåver. Alle som vil gje ei gåve til ein ukjend, kan legge den under juletreet som står i Amfi Nordfjord ved peparkakebyen. På lappen skriv du kven gåva passar for, storleik, alder og kjønn.

Gro Gjerdevik fortel at dei har fått inn ein del gåver til barn, men at det også er mange einslege, både menn og kvinner, som vil bli glad for ei gåve.

Tiltaket er eit samarbeid mellom  Nordfjordeid senter, Amfi Nordfjord, Frivilligsentralen, Frelsesarmeen, NAV, Flyktningetenesta, Nordfjord psykiatrisenter m/rusposten og heimetenestene.