Lavvocampen er eit overnattingstilbod for dei som ynskjer eit rolegare alternativ enn det ein kan tilby på festivalcampen ved festivalområdet på Plassen.

Aktiv i Lom skal vere drivar av campen, og vaktselskapet Protect vil stå for vakthaldet.

Ved å etablere campen på Eid vgs kan ein tilby gjestene gode fasilitetar som dusj og toalett  og tak over hovudet dersom veret skulle bli dårleg.

Rockfestivalen skal disponere området ved Eid vgs frå 16. -27. juli for å kunne bygge opp og rydde ned campen.