– Skal vi lage noko, så går vi «all in», ler kafemedarbeidar Charlotte Hellebust som saman med sjefen på Didriks, Kjersti Brovold har laga Åsebøhuset av peparkakedeig.

Brovold fortel at det har gått med fire kilo peparkakedeig og sikkert like mykje melis. Limpistol vart teken i bruk for å dekorere.  Det er snakk om ganske store konstruksjonar, så store at dei måtte til å låne omnskapasitet frå Minibakeriet for å få steikt dei største veggane.

Vindauga er av gelatinplater med rosa cellofan bak, noko som tek seg lekkert ut med lys innvending.

Brovold tipsar om at det er smart å lage seg ein modell av papp først, slik at det vert lettare å få ting til å passe saman.

Ho har tenkt å tilby Eid eldretun å låne Åsebøhuset i julehelga. Når julehandlen er ferdig, kan dei eldre få lov til å glede seg over det vakre peparkakebygget.

Plass til fleire

Senterleiar i Amfi Nordfjord, Gro Gjerdevik har no fått inn ein god del peparkakebygg, men her er det plass til fleire. Kjølsdalen kyrkje, LA-bygget, ein Vest Auto varebil, Norsk Fjordhestsenter og Eid rådhus er noko av det som har kome på plass så langt. Ikkje alt treng å vere frå sentrum, til dømes er sel frå Hjellesetra plassert på Os, men kva gjer vel det.

Snøkrystallen barnehage har bidrege med snøkrystallar for å pynte opp.

Kjersti Brovold og Charlotte Hellebust har laga Åsebøhuset av fire kilo peparkakedeig.
Her er plass til endå fleire peparkakehus, og ungdommane Mathilde Hjelmeland og Malin Holmøyvik tok utfordringa på sparket og vil i løpet av helga produsere sitt bidrag til peparkakebyen Eid.
Her er Fjordablad-bygget. Og er det ikkje sjølvaste redaktøren som står der. Ho- ho-ho.
Norsk Fjordhestsenter ser ganske freistande ut.