Det var i kommunane Årdal, Førde, Flora og Stryn at det blei varsla om oppseiingar innan større verksemder. Ingen av desse kommunane har auke i arbeidsløysa i november.

– Det er sjølvsagt mogleg at ikkje alle oppseiingane er sett i verk enno, men det er også bra med ledige stillingar i desse kommunane for tida, og soleis gode muligheiter for å finne nytt arbeid, seier Thorsnes.

Lågast i landet

Med 912 heilt ledige, noko som utgjer 1,6 prosent av arbeidsstyrken, har Sogn og Fjordane klart lågast arbeidsløyse i landet. Det er 124 færre enn november i fjor, noko som svarar til ein reduksjon på 12 prosent. Berre Nord-Trøndelag og Telemark har større reduksjon enn Sogn og Fjordane På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 1 prosent frå same månad i fjor. Det er no 78 157 heilt ledige, tilsvarande 2,8 prosent av arbeidsstyrken.

Flora med størst reduksjon

16 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i november. Størst reduksjon har Flora med 37 færre ledige enn på same tid i fjor. Lågast arbeidsløyse har Leikanger med 0,4 prosent og Gloppen med 0,7 prosent. Den høgaste arbeidsløysa finn vi i Hyllestad (4,8 prosent), Vågsøy og Selje (begge 2,5 prosent).

Positiv utvikling i service og bygg og anlegg

Størst nedgang i arbeidsløysa er det innan serviceyrke og bygg og anlegg, som har høvesvis 33 og 32 færre ledige enn i november i fjor. Også innan butikk- og salsarbeid (- 28 personar) er det ei positiv utvikling. I industrien er arbeidsløysa uendra. Ingeniør- og ikt-fag har størst auke, med 13 personar.

I november var det 71 heilt permitterte i Sogn og Fjordane, berre 11 av desse kjem frå fiskeindustrien. 10 kjem frå industri elles og 16 frå bygg og anlegg. Resten fordeler seg på mange næringar.

Positivt for innvandrarar

Talet på heilt ledige innvandrarar frå ikkje-vestlege land er redusert med 31 personar frå november i fjor. Dette svarar til ein reduksjon på 17 prosent. Innvandrarar frå vestlege land, som stort sett er arbeidsinnvandrarar, har ein reduksjon på 14 prosent. Etnisk norske ledige har ein reduksjon på 10 prosent.

Fleire melder ledige stillingar til NAV

I november var det ein tilgang på 485 nye ledige stillingar. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med november i fjor. Hittil i år har stillingstilgangen auka med 19 prosent. Det er flest nye ledige stillingar innan helse, pleie og omsorg, reiseliv, transport og industri. Over 200 av dei nye stillingane er meldt direkte til NAV eller registrert av arbeidsgjevar på nav.no (resten er saksa frå media).

– Eg er glad for at stadig fleire verksemder melder ledige stillingar til NAV og at vi soleis kan hjelpe fleire verksemder med rekruttering, seier Thorsnes.

KommuneHeiltledigeProsent av arbeids-styrkenEndring frå same periode 2015 (tal)Endring frå same periode 2015 (%)
Flora1502,3-37-20
Gulen201,5-7-26
Solund41,0-1-20
Hyllestad354,8725
Høyanger512,4-6-11
Vik151,1-4-21
Balestrand172,4321
Leikanger50,4-1-17
Sogndal531,200
Aurland111,1-2-15
Lærdal131,1-10-43
Årdal361,3-4-10
Luster301,127
Askvoll322,1-19-37
Fjaler161,2214
Gaular191,2646
Jølster181,1-8-31
Førde771,0-27-26
Naustdal251,7314
Bremanger442,3-8-15
Vågsøy782,557
Selje372,51142
Eid371,2-12-24
Hornindal91,4350
Gloppen220,7-2-8
Stryn581,5-18-24
Fylket9121,6-124-12

Tabellen viser arbeidsløysa i kommunane i Sogn ogf Fjordane ved utgangen av november. (Kjelde: NAV)