Bakgrunnen er at det i Nordfjord Tingrett i Førde har pågått ei rettssak der ti aksjonistar har stått på tiltalebenken, skulda for å ha stogga arbeidet til Nordic Mining på Engebøfjellet, og for ikkje å ha flytta seg då politiet bad dei om det.

Ifølgje NRK Sogn og Fjordane har påtalemakta ved aktor Erling Melvær i Fjordane tingrett bede om at dei ti aksjonistane skal straffast med 24.000 kroner i bøter kvar. Om dei framleis ikkje vil betale bøtene, vil han at dei skal straffast med 48 dagar i fengsel.

–  Vi vil støtte opp om ungdommane, seier leiaren i Naturvernforbundet i Eid, Thorleif Jakobsen som av helsemessige årsaker ikkje sjølv var med og lenka seg fast.

Demonstrasjonen gjekk føre seg i Førde sentrum. Arrangør var Vevring og Førde Miljøgruppe, Natur &Ungdom og Naturvernforbundet.

Thorleif Jakobsen er sterkt imot gruveavfallsdeponi i Førdefjorden. Han viser mellom anna til ein fjord i Nordland der det er dumpa gruveavfall og der Havforskingsinstituttet har funne at organismar i fjorden har blitt giftige.

Parolen var "Faklar for Førdefjorden".