– Det er utruleg gledeleg at fleire kommunar tek til å undervisa i nynorsk for vaksne innvandrarar. I dag har det blitt 46 kommunar som gjev opplæring på nynorsk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Han meiner det er viktig at tilflyttarar i alle aldrar lærer seg det lokale språket slik at dei lettare kan forstå dei ulike dialektane.

I Bremanger vil kommunen i ein overgangsperiode tilby opplæring både på bokmål og nynorsk før dei går over til berre å tilby nynorsk opplæring, heiter det i ei pressemelding frå Noregs Mållag.

I Vaksdal i Hordaland har kommunen starta med si eiga vaksenopplæring på nynorsk i kommunesenteret Dale. Også Giske kommune i Møre og Romdal har gått over til nynorsk opplæring for vaksne innvandrarar i eigen kommune etter at dei tidlegare sende innvandrarar i kommunen til bokmålsopplæring i Ålesund.