I løpet av helga har det forsvunne verktøy til ein verdi av rundt 75.000 kroner frå byggeplassen til det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid. Det viser seg at ein mann har tatt med seg tjuvgodset på ein køyretur på nærare 200 mil.

– Tjuvgodset er no funne og ein mann er pågripen, så det vart ei rask oppklaring av saka. Dette er godt politiarbeid av våre lokalbetjentar og våre kollegaer i Kirkenes, seier lensmann i Eid, Tormod Hvattum.