I dag vart det arrangert regionale finalar i kunnskapsturneringa First Lego League (FLL) i Operahuset Nordfjord. Dette er ein konkurranse for barn og unge mellom 10 og 16 år der laga må jobbe med mange ulike fagfelt.

Det er om å gjere å ha gode innovative løysingar på ei gitt problemstilling og der forsking, marknadsføring, samarbeid, tekniske løysingar, programmering og robotkøyring vert vektlagt.

Årets gjevaste pris FLL Champion gjekk i år til Volda Legoklubb. Dette laget vann 1. prisen i robotkøyring og var det laget som samla sett fekk flest poeng.  Dei får reise til den nordiske meisterskapen i Bodø.

2. prisen på robotbane gjekk til Team Saude frå Eid ungdomsskule. Dei vann også Marknadsføringsprisen.

- Vår oppskrift var at det skulle vere kjapt, presist og enkelt, og det klarte vi ganske bra, seier Brynjar Kufaas Lindvik, som saman med Sindri Bjarnfridur konkurrerte mot Volda Legoklubb i finalen i robotkøyring.

Når det gjeld marknadsføring, så hadde laget mellom anna si eiga facebook-side, og dei hadde laga ei flott utstilling.

Den gjæve forskingsprisen gjekk til  The Zoolution frå Davik Oppvekst. Dei fekk også  Samarbeidsprisen, medan Team Dora frå Stryn ungdomsskule fekk Teknologiprisen.

Årets tema handlar om samspelet mellom dyr og menneske, og korleis ein kan forbetre kvarandre sin kvardag. Målet med konkurransen er å auke interessa for teknologi og vitskap og stimulere dagens unge til å bli morgondagens ingeniørar og forskarar.

Klikk på pil til høgre for å sjå fleire bilde, og  les meir om saka i Fjordabladet tysdag.