Eid kommune har motteke tilsagn om tilskot til utbygging av breiband til område vest for Nordfjordeid der tilbod i dag er under 4 Mb nedlasting. I prosjektet inngår det at Eid kommune også må bidra med tilskot til utbygginga.

Formannskapet hadde saka oppe til behandling torsdag og tilrår samrøystes at kommunestyret i Eid løyver inntil 900.000 kroner i tilskot til utbygging av breiband til område vest for Nordfjordeid. Prosjektet skal gje grunnleggjande god breibandkvalitet til innbyggjarane på Torheim, Hamneset, Tømmerstøl, Årdal, Lund, Høynes, ytre Røed, Stårheimsdalen, øvre Remmedalen og Hundvik.

Ikkje akseptabel tilgang

Husstandane ligg så langt frå næraste Telenor-sentral med adsl-tilbod, at stort sett alle husstandar i disse områda har tilbod under 4 Mb nedlasting. Skuleelevar og foreldre får ikkje akseptabel tilgang til å gjere heimelekser og følgje skulearbeidet på skulen/kommunen sin skuleportal. Innbyggjarane får heller ikkje akseptabel kvalitet på opplogging mot arbeidsgjevar si nettløysing for heimekontor og anna tilgang til nødvendige internettsider.

På grunn av avstandar og terreng, er prosjektet tenkt og kalkulert løyst med radioline. Dette ut frå dei gode erfaringane kommunen og innbyggjarane har med tilsvarande utbygging til bygdene Lefdal, Midthjell, Haus, Ervik og øvre Kjølsdalen. Kalkylen er på 1,8 millionar kroner.  Det vert vurdert slik at utbygging med fiber til kvar enkelt husstand i disse områda er om lag umuleg å få til på kort sikt.

Gjennom fellessøknad for Sogn og Fjordane om breibandsmidlar frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) har Eid kommune motteke tilsegn om tilskot på 900.000kroner, dvs 50%. Resten er føresett dekt av kommunen og eventuelt anleggbidrag frå kvar tilknyting.

Ferdig om eit år

Prosjektet skal ut på anbod i løpet av oktober 2016, med plan om val av leverandør innan nyttår. Det vil bli stilt krav om 100% dekning av alle husstandar i dei aktuelle områda med nedlasting på 30 Mb. Det er venta oppstart på utbygging tidleg vår 2017, og ferdigstilling fram mot 1. oktober 2017.