I Sogn og Fjordane fylke er det framlegg om tre tenesteiningar med tilhøyrande tenestestader:

Nordfjord skal vere ei tenesteeining med Vågsøy, Eid og Stryn som tenestestader (lensmannskontor).

I Sunnfjord tenesteeining er det framlegg om tenestestadene Flora, Førde, Fjaler, Høyanger og Gloppen

I Sogn tenesteeining er Sogndal, Vik Lærdal eller Årdal peika ut som tenestestader.

Politimeister Kaare Songstad opplyser til Fjordabladet at hovudsetet for tenesteeininga Nordfjord er tenkt plassert på Nordfjordeid.

Tenestetilbodet ved tenestestadene

Tenestestadene er ein politistasjon eller lensmannskontor, og skal ivareta følgjande kvalitetskrav:

  • Ta imot meldingar, søknader og andre førespurnader, samt gje publikum rettleiing om politiets tenestetilbod

  • Bidra til eit kvalitativt løft for etterforskingsarbeidet

  • Tenestestadane skal ha fleksible opningstider som gjer det mogleg å få gjort tenester hos politiet utanfor kontortid minst ein dag i veka

  • Tenestestadane lokaliserast slik at minst 90 % av innbyggjarane i politidistriktet har maksimalt 45 minuttar køyretid til næraste tenestestad

Leiar av tenestestad kan vere lensmann eller politistasjonssjef.

Oppgåver som ligg til tenesteeiningane

Tenesteeiningane er eit geografisk område som kan ha fleire tenestestader og skal ivareta følgjande oppgåver:

* Levere ressursar til vakt- og patruljetenesta

* Ha publikumsekspedisjon

*  Kriminalitetsførebyggande arbeid

*  Etterforske det store fleirtal av straffesaker

*  Ha kontakt med samarbeidspartnarar

*  Utføre sivil rettspleie- og forvaltningsoppgåver

Leiar av tenesteeining kan vere lensmann eller politistasjonssjef.

Kommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane er no invitert til høyring med 6 vekers frist om politimeisteren sitt forslag til endring av tenestestad- og tenesteeiningsstruktur i Vest politidistrikt.

Høyringsfristen er sett til 1. desember.