Frå 2020 er det krav om at alle kommunane skal ha kommunepsykolog. Fleire kommunar har erfaring med at det er utfordrande å rekruttere og behalde psykologar i kommunane, og ein vil no jobbe saman om dette.

I første omgang er dette eit prosjekt som går fram til 31. mars, men planen er at samarbeidet skal bli permanent med tre årsverk med psykologar som jobbar i dei sju Nordfjord-kommunane.