Ungdomspolitisk utval skal fungere som referansegruppe i arbeidet med fylkeskommunale planar og saker som gjeld barn og unge. På fylkestinget 18. oktober presenterte Emma Berge Ness og Rune Holsen Nygård arbeidet sitt – og meiningane sine – for fylkestingspolitikarane.

Viktig arbeid

Rune Holsen Nygård er nestleiar i UPU. Han fortalde om fylkesting for ungdom, om nettverkssamlinga UPU arrangerer, og fadderordninga dei har for ungdomsråda i fylket. Han avslutta innlegget sitt med å oppmode alle fylkestingspolitkarane om å kome på fylkesting for ungdom i mars 2017.

– Vi er her for dykk, og for at demokratiet i fylket skal fungere, sa han.

Anna perspektiv

Leiar for UPU, Emma Berge Ness, heldt fram der Nygård avslutta. Ho slo fast at det er viktig å lytte til ungdomane.

– Det er nemleg vi som går på skulane de styrer. Det er vi som tek bussane de set opp og deltek på kulturelle events – eventuelt ikkje gjer det, fordi tilbodet ikkje er der. Det er klart vi meiner noko om det som angår oss, og vi ser det frå eit anna perspektiv enn de gjer, sa ho.

To viktige saker

Ungdomspolitikarane tok også opp to konkrete saker, som UPU er spesielt opptekne av akkurat no: psykisk helse og regionreforma. Ness fortalde at fylkesting for ungdom vil innføre obligatorisk samtale med helsesøster i den vidaregåande skulen. Dei vil sikre at elevane har eit godt team rundt seg, eit team med til dømes helsesøster, miljøkoordinator og psykolog.

Når det kom til regionreforma, viste Ness til engasjementet om temaet på fylkesting for ungdom, der det vart vedteke ein uttale om å oppretthalde Sogn og Fjordane som eige fylke.