Både Nordfjordeid skulekorps og drilljentene sette stemninga ved opninga av det nye Amfi Nordfjord. Og like etter at snora falt, strøymde folk inn dørene for å ta det nye senteret i augesyn. Alle butikksjefane stod i inngangen og ønska kundane velkommen.

Etter fleire år med planlegging, grunnarbeid, bygging og innflytting, opna endeleg det nye kjøpesenteret Amfi Nordfjord i dag, 20. oktober.

Ikkje berre er det komme fleire nye butikkar, men det er også utvida opningstid til klokka 19.00 kvardagar, og i helgane til klokka 17.00.

Ordførar Alfred Bjørlo takka dei to eldsjelene Bjørn Kåre og Ivar Moen, og kalla denne dagen ein merkedag for Eid.

Ordførar Alfred Bjørlo takka både Bjørn Kåre Moen og Ivar Moen for den storstilte satsinga og stayerevna dei har hatt i så mange år.
Butikksjefane ønska alle kundane velkommen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Butikksjefane ønska velkommen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Folk strøymde inn dørene. Foto: Anita Ingebrigtsen
Nordfjordeid skulekorps og drilljentene underheldt før opninga av det nye Amfi Nordfjord. Foto: Anita Ingebrigtsen
Nordfjordeid skulekorps og drilljentene underheldt før opninga av det nye Amfi Nordfjord. Foto: Anita Ingebrigtsen