Etter at forhandlingsutvala i dei tre fylka vart einige om ein intensjonsplan for samanslåing er planen no til politisk handsaming.

I første omgang skal fylkestinga i dei tre fylka ta stilling til om planen skal leggast ut på høyring. Hordaland har alt lagt planen ut på høyring, og 18. oktober vedtok fylkestinget i Sogn og Fjordane å gjere det same. Fylkestinget i Rogaland møtast 25. oktober.

No vert det ei brei offentleg høyring i perioden 26. oktober til 23. november. Fylkestinget vil i desember etter høyringa vurdere søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane fylkeskommune med andre fylkeskommunar. Fylkestinget gjorde følgjande samrøystes vedtak:

1. Fylkestinget legg intensjonsplanen for samanslåing av Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane fylkeskommunar ut på ei brei offentleg høyring der sende høyringssvar i perioden 26.10.-23.11.16.

2. Sogn og Fjordane fylkeskommune legg til grunn at fylkestinga i Rogaland og Hordaland også legg intensjonsplanen ut på høyring i sine fylke. Dersom ikkje alle tre fylkestinga gjer vedtak om høyring får fylkesutvalet fullmakt til å vurdere om Sogn og Fjordane fylkeskommune skal starte ein dialog med fylkeskommunar som ønskjer å vurdere moglege nye regionløysingar.

3. Fylkestinget legg til grunn at nynorsk vert administrasjonsspråk som ei naturleg følgje av omtalen av nynorsk som viktig identitetsbyggjar.

4. Fylkestinget i Sogn og Fjordane tek sikte på å gjere vedtak i høve vidare arbeid med regionreforma i desember 2016. Då vil ein ta stilling til om de aktuelt å sende ein felles søknad til Stortinget om samanslåing av Sogn og Fjordane med andre fylkeskommunar.

Intensjonsplan for samanslåing

Saksframlegg frå møte i fylkestinget 18. oktober 2016

Alt om regionreforma