I 2015 kolliderte 20 bilistar med dyr på vegane i Eid . Berre dei siste to åra har forsikringsbransjen utbetalt ein million kroner for materielle skader som følgje av kollisjonar med dyr i Eid kommune. I tillegg kjem eventuelle personskader. Tala så langt i første halvår 2016 viser at det er meldt 11 skadar til forsikringsbransjen i Eid.

− Talet på kollisjonar med vilt går markant opp i oktober og held seg høgt gjennom hausten og vinteren, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.

Mørkare

Mørkare kveldar, samt jakt og sesongtrekk som gjer at dyra er meir i bevegelse, er blant faktorane som forklarer kvifor det er spesielt mange viltpåkøyrslar no om hausten og vinteren. Forsikringsbransjen har dei siste åra betalt ut fleire millionar kroner for materielle skader i Sogn  og Fjordane som følgje av kollisjonar med dyr.

ÅrEidErstatnings-utbetalingar
201418483
201520518
201611296
Samla491.297

Tabellen viser viltpåkøyrslar og erstatningsutbetalingar frå Forsikringsselskapa som følgje av dei tre siste åra. For 2016 er tala for 1. halvår.  (Kjelde: Finans Norge.)

Korleis unngå ulukka

Samanstøyt med store dyr som elg og hjort fører ofte til store materielle skadar, og i nokrte høve også alvorlege personskader, særleg når farten er over 80 kilometer i timen. Høg fart fører  også at det blir vanskelegare å oppdage dyr som er på veg inn i vegbanen.

− Demp farten, spesielt i grålysninga og skumringa, og der det er vegetasjon nær vegen. Respekter varselskilt og ver spesielt merksam ved fullmåne ettersom dyra er meir aktive då, seier Voll.

Ingen eigendel eller bonustap

Du har plikt til å melde frå om påkøyrsel av dyr, anten det er husdyr eller vilt. Å etterlate skadde dyr er straffbart.

− Det er ingenting å tene på å ikkje melde frå om du har køyrt på eit dyr. Du risikerer korkje  bonustap på forsikringa. Du treng heller ikkje å betale eigendel, seier Voll

Statistikk

• I 2015 vart det meldt 413 skadar mellom bil og dyr til forsikringsbransjen.

• Totalt er det registrert 2600 skader dei siste ti åra med utbetalingar på nærmare 60 millionar kroner.  (Kjelde: Finans Norge, personbil under 3,5 t – påkøyrsler dyr – alle forsikringsselskap.)

Påkøyrslar av stort vilt kan føre til store materielle, og alvorlege personskadar. Foto: Privat