Vi må tilbake til byrjinga av oktober i 2007, då flukta til Jamshed starta. Jamshed var då 19 år gammal, opphavleg frå Ghazni, ein by sør for hovudstaden Kabul i Afghanistan. Han var gift, og kona var med barn. For å berge livet til kona, det kommande barnet og sine fire små søsken måtte Jamshed ta sjansen på å flykte til eit fritt land, og prøve på familiegjenforeining.

– Eg skulle også ta med mor mi som var hjartesjuk. Eg håpte på å få gitt henne ein hjarteoperasjon i Norge. Men det rakk eg dessverre ikkje, ho døydde i 2010.

EI FLASKE VATN

Over fjellet i Iran overlevde han på ei flaske vatn og eit brød. Det var alt dei fekk lov til å ta med seg. Ei stor gruppe på 124 flyktningar tok seg over fjellkjeda i Iran til fots. Med livet i smuglarane sine hender måtte  Jamshed følgje ordre og følgje med på den farefulle ferda gjennom snø og is. Han var tynnkledt, og på fjellet kom temperaturen  heilt ned i minus 25 grader. Det var ikkje tid til pausar undervegs og dei som ikkje klarte henge med vart regelrett kasta utfor fjellveggen for å skjule spor, og for å sikre at resten av flokken nådde fram. Heile to døgn tok det før dei var framme ved den tyrkiske grensa.

EIN GUMMIBÅT TIL TRE

Frå den tyrkiske byen Van tett ved grensa til Iran tok han buss til Istanbul. Og frå Istanbul med smuglardrosje til Egeerhavet. Der måtte han og seks kameratar krysse eit havstykke for å komme seg til Hellas. Sju stykke i ein liten gummibåt med plass til berre tre. Rundt midnatt la dei i veg, når ingen såg dei.

– Det var mørkt, det regna og ingen av oss kunne symje. Vi var svært redde og situasjonen var ekstremt vanskeleg. Den eine var så redd for vatn at han nekta å vere med. Vi kunne ikkje la han vere att åleine, smuglarane var allereie vekke. Vi tvang han til å bli med, det fanst ikkje noko alternativ. Han låg i botnen av båten. Fire stykke sat på kanten med eine foten utanfor i sjøen og padla. To ausa vatn kontinuerleg. Når dei store skipa segla forbi fyltest båten med vatn, og vi var nære ved å drukne fleire gongar.

FREDSFUGLEN

Ein høg skikkelse følgde etter båten deira og skremde dei til å ro endå fortare.

– Vi trudde det var ein hai som følgde etter oss i gummibåten, og rodde febrilsk for å komme unna. Vi var så redde og fortvila, fleire av oss græt og trudde vår siste time var kommen. Skikkelsen berre følgde etter oss. Du kan seie det vart redninga vår, for etter kvart såg vi lys på land og halv ni om morgonen kom vi i land våte, men i live alle saman, seier han og fortel vidare:

– Det var ein høg fugl, med lang hals, det vart redninga vår. Ein fredsfugl. Sidan vi ikkje kunne ha med oss kle i gummibåten, det ville vore for tungt, hadde vi berre skjorte på oss. Slik kunne vi ikkje vise oss i byen. Heldigvis fann vi kle på stranda, som hadde flytt i land, seier han og skjønar kva det inneber.

Frå den greske øya skulle det vise seg å bli vanskeleg å komme vidare til Aten. Dei hadde litt pengar, men fekk ikkje lov til å kjøpe billettar sidan dei ikkje hadde pass. Til slutt fekk dei hjelp av nokon og fekk gøyme seg i ein bil til Aten.

REDDA AV APPELSINAR

– Vi kom fram til ein park i Aten, vi hadde lite kontantar, og måtte dele på maten og rasjonere så vi hadde nok pengar til turen vidare til Italia. I Hellas tek dei ikkje godt imot flyktningar, så vi hadde svært vanskelege forhold der, vi budde i ein park utan tak over hovudet. Etter kvart kom oss vidare til kystbyen Patra i Hellas.

Frå kystbyen Patra prøvde dei fleire netter å gøyme seg i, under og oppå lastebilar som skulle med ferja til Italia. Kvar gong vart dei oppdaga av kontrollar og sendt på land igjen.

– Vi var elleve personar saman, og kasta kron og mynt på kven som skulle vere den som lukka att døra på traileren. Eg måtte gjere dette mange gongar, men vi vart alltid oppdaga, og kasta ut igjen. Omsider fann vi ein trailer fylt med appelsinar. Der rydda vi oss plass, slik at vi kunne gøyme oss mellom kassane. Det var umuleg å oppdage oss når politiet kom for å kontrollere. Vi sat heilt krokbøygde. Eg sat omtrent midt i traileren, det var kaldt, og vi var veldig redde. Vi var ni personar gøymt mellom appelsinar. To av kameratane mine sat bak meg lengre mot kjøleaggregatet. Slik sat vi i 28 timar, utan å kunne røre oss før vi kom til Italia. I ferja vart heile traileren forsegla, slik at ingen kunne komme seg verken ut eller inn. Då politiet kontrollerte traileren i Italia var vi heilt musestille, og dei oppdaga ingenting. Då vi kom på motorvegen igjen, prøvde vi å signalisere til sjåføren ved å banke i veggen, men han høyrde oss ikkje. Eg hadde ei lommelykt med meg og prøvde gjennom eit lite vindauge bak i bilen å signalisere SOS til bilar som kom bak oss på motorvegen, men ingen tok hintet, før ein bil endeleg såg lyset, og køyrde framfor traileren og fekk den til å stogge. Då sjåføren opna dørene vart han veldig overraska, der sto sju av oss klare til å hoppe ut og springe for livet. Etter oppteljinga mangla vi to. Vi måtte tilbake og hjelpte dei to siste ut, dei var heilt forfrosne og kunne ikkje bevege seg. Ein av dei måtte amputere tre tær på føtene, fortel han.

BROR FLYKTA SAME RUTA

Den 26. mars 2008 kom Jamshed med tog til Oslo, sitt nye heimland. Der vart han først innlosjert på Tanum asylmottak, og to år på Voss før han kom til Eid i 2010. For eitt år sidan kom den yngre bror hans på 18 til Norge. Broren bur i dag berre eit par timar unna, på asylmottak i Ulsteinvik, der han ventar på varig opphaldsløyve.

– Eg hadde besøk av bror min her på Eid no i ferien, det var kjekt. Han har flykta same vegen som meg. Eg har fortalt han alt frå min flukt og prøvd å førebu han på alt han kunne møte på. Før jul 2015 kom han seg endeleg til Norge. Eg saknar også søstrene mine mykje, dei bur no i Pakistan. Eg håpar å få dei til Norge etter kvart, men alt tek tid, seier han.

VIL BIDRA

I 2012 kom kona Rabbia saman med sonen  Alireza som då var fire år til Eid på familiegjenforeining. Sonen som Jamshed aldri hadde møtt, og som i dag er åtte år og går på skule. Sidan har dei fått to barn til Aliabbas på tre år, og babyen Abulfazal på 9 månader.

No vil Jamshed gjere sitt til å bidra at andre på flukt frå krig kan få eit betre liv.

– Søndag skal eg gå saman med Inger Johanne Brekke i Eid sentrum og samle inn til TV-aksjonen. Eg gler meg, dette blir kjekt, seier Jamshed.

Fredag kan du lese saka i Fjordabladet.

Søndag er dei klare til å gå med bøsser for årets TV-aksjon som går til Røde Kors. Du kan melde deg som bøssebæærar på blimed.no. Frå venstre: Berge Bjørkedal, Are Fagerli, Inger Johanne Brekke og Jamshed Islami. Søndag er dei klare til årets TV-aksjon og innsamlingen til Røde Kors. Foto: Anita Ingebrigtsen
Fluktruta gjennom Iran, Tyrkia, Hellas, Italia, Frankrike, Tyskland, Danmark og fram til Norge. Foto: Illustrasjonsbilde