Tidlegare har Åsen & Øvrelid vore totalentreprenørar for bygginga av Operahuset Nordfjord.  Parallelt med bygginga av AMFI Nordfjord er dei også totalentreprenørar for bygginga av det nye omsorgssenteret på Nordfjordeid. Når det gjeld større bygg i Eid kommune har altså Åsen og Øvrelid vore den dominerande entreprenøren dei siste åra.

– Det vi er opptekne av er å konkurrere om enkeltjobbar, og derfor reflekterer vi ikkje særleg mykje over at vi er størst på Nordfjordeid, seier Bjørnar Haveland, som er prosjektleiar både for AMFI Nordfjord og det nye omsorgssenteret.

Store aktørar

Og med sine rundt eitt hundre tilsette konkurrerer dei om mange prosjekt i Sogn og Fjordane. Akkurat no er dei i gang med omsorgssenter i Sogndal og på Vassenden, i tillegg til bustadprosjekt fleire stader i fylket. Når det gjeld det 6.500 kvadratmeter store AMFI Nordfjord byrja dei arbeidet for eitt år sidan.

– På det meste har det vore 35-40 arbeidarar i aksjon med bygginga av kjøpesenteret. Det var på vårparten at alle fag var i aksjon samtidig, seier byggeplassansvarleg Ove Holsen.

Besøk av «Tor»

På spørsmål om kva dei hugsar best frå byggeprosessen, er svaret eit besøk som kom i slutten av januar.

– Då fekk vi jo besøk av han Tor, ler Haveland og Holsen, og siktar sjølvsagt til ekstremvêret «Tor» som råka Vestlandet.

– Det kom i ein fase i byggeprosessen der vi var sårbare. Heldigvis gjekk det bra. Det vart ikkje nokon skadar, og ein unngjekk økonomisk tap, seier dei, og legg til at området generelt er utsett for vêr og vind.

– Det har vore ei lita utfordring, til tider. Forskjellen frå til dømes Sogndal og Førde er stor på dette området, men vi har vore med på verre. I Svelgen, til dømes, er det endå meir vind, seier Haveland og Holsen.

Sjølv om AMFI Nordfjord no er ferdigstilt, skal brakkeriggen bli ståande ei tid framover.

– Vi har avtale om at brakkeriggen skal stå til omsorgssenteret er ferdig på vårparten, fortel prosjektleiar Bjørnar Haveland.

Godt samarbeid

Sjølv om AMFI Nordfjord for Åsen & Øvrelid sin del er eit sjølvstendig prosjekt, er det ein del av ei heilskapleg utbygging av strandsona på Nordfjordeid med leilegheitskompleks og Sagapark.

– Hovudfokuset vårt har sjølvsagt vore på vårt prosjekt, men vi er også ei brikke i eit større bilete. Vi har hatt god dialog med Eid kommune, Dvergsdal & Sunde og eigarane av kjøpesenteret. Samarbeidet har vore veldig bra. Alle har vore smidige og løysingsorienterte, seier Bjørnar Haveland, prosjektleiar i Åsen og Øvrelid for utbygginga av AMFI Nordfjord