Gapahuken blir plassert på området Utsikta, om lag ein halv times gange frå øvste Myklebuståsen i Eid. Her har tilsette og pasientar ved Nordfjord psykiatrisenter hatt arbeid med rydding av veg og tomt, og no er maskiner på plass for å få reist gapahuken.

Jan-Christian Naustdal frå Naustdal Maskin starta mandag denne veka på grunnarbeidet på det populære turområdet nokre steinkast ovanfor Eid sentrum. Sjølve gapahuken er i stavlaft, måler ti kvadratmeter, og området den vert plassert på vert mest mogeleg universelt tilpassa med gode sitjeplassar både under tak og utanfor. Etter planen skal anlegget vere ferdig i løpet av veke 43. Samla kostnadsramme er omlag 145.000,-.

Fysisk trening

Fysisk trening er eit sentralt behandlingstilbod ved Nordfjord psykiatrisenter, Helse Førde, og gapahukprosjektet representerer ein vidare styrka innsats på dette området. Hovudmålet har vore å få etablert eit lett tilgjengeleg turmål som kan gje passande treningsmengd, samt mange gode naturopplevingar uansett årstid. Det har også vore eit viktig mål å finne ei plassering som gjer at ein ikkje er avhengig av biltransport.

Har rydda sjølve

Det er lagt ned ein betydeleg eigeninnsats frå pasientar og tilsette ved Nordfjord psykiatrisenter, spesielt når det gjeld rydding av vegtilkomst og tomt. Grunneigar Steinar Alsaker har heile vegen vore positiv til prosjektet, noko som har vore avgjerande for å dra det heile i gong.

For alle

Anlegget kan sjølvsagt også nyttast av ålmenta, og vil ut frå dette vere eit svært godt folkehelseprosjekt til glede for heile lokalsamfunnet. På sikt vil det vere naturleg å sjå på om vegen fram til Utsikta kan vølast med målsetnad om å auke tilgjenget ytterlegare for flest mogeleg. Turmålet er godt tilgjengeleg for svært mange av innbyggjarane i kommunen.

Lett terreng

Dette er lett turterreng med anlagt traktorveg heilt fram frå høgdebassenget til Eid Kommune. Med bakgrunn i dette har Nordfjord psykiatrisenter, som står for hovudfinansieringa, invitert lokale lag og organisasjonar til å bidra økonomisk. Samtlege har gjeve positivt svar. Desse er Lions Nordfjordeid, Midtre Nordfjord Turlag, Nordfjordeid Rotaryklubb, Eid Røde Kors, Nordfjordeid Sanitetsforening og Mental Helse Nordfjordeid.