I 2011 la NCC ned ny asfalt mellom Skipenes bru og rundkøyringa på Eid. Denne har hatt for dårleg kvalitet, og må no gjerast om på nytt.

– Dette er ein reklamasjonssak som entreprenøren må ta igjen. Kvaliteten vi fekk er ikkje den same som vi bad om. Normalt skal slik asfalt liggje i 15–20 år, men denne har allereie begynt å smuldre opp, og er for dårleg samansett. NCC har fem års garanti på dette, og no må dei ta arbeidet igjen. Vegen er på veg til å gå i oppløysing og danne holer, seier prosjektleiar i Statens vegvesen Arne Magnar Hauglund.

Det same skjedde ved E39 på veg inn til Byrkjelo, og der må også to kilometer veg takast på nytt.

Tysdag 18. oktober sette Bijak Maskin AS i gang fresing av asfalten mellom Skipenes bru og rundkøyringa ved bensinstasjonen Statoil. Planen er å vere ferdig med dette arbeidet i løpet av nokre timar tysdag. Vegen vert manuelt dirigert av selskapet Karmøy Hage og Vedlikehold AS. Begge desse er underentreprenørar for NCC som skal leggje ny asfalt onsdag. Det er Statens vegvesen som står som prosjekteigar.

– Det tek om lag tre timar å frese dette. Vi er sju stykke i sving, som freser asfalten og tre personar som dirigerer trafikken, seier prosjektleiar for Bijak Steffen Birkeland.