Bjørlo peikar på at Sogn og Fjordane Energi (SFE) var veldig opptekne av å få hand om anlegget i samband med oppkjøpet av Eid energi, og han meiner dei er forplikta til å ta vare på og syte for vedlikehald. Ifølgje Bjørlo var kraftstasjonen i Kviafossen i utgangspunktet ikkje med i avtalen, men SFE greidde å sikre seg anlegget utan å betale noko ekstra.

− Og når dei no ser at dei ikkje kan få kraftstasjonen i gang igjen, så vil dei berre kvitte seg med den ved å sanere heile anlegget. Det bør dei ikkje få lov til, meiner Bjørlo som er spesielt oppteken av demninga. Han seier at området ovanfor demninga er den viktigaste gyteplassen i Eidselva, og han tykkjer det er heilt hårreisande at SFE no vil fjerne denne. Demninga er med på å halde igjen vatnet, og utan den blir det heilt andre straumforhold i elva. Bjørlo meiner det vil vere ein katastrofe for elva og fisket om demninga blir fjerna.  Blir demninga skoten i stykkje, vil det også kunne få stor innverknad på korleis fisken beveger seg. Laksen er var for endringar, og det kan ta lang tid før han våger seg forbi. Bjørlo fortel om ei anna elv der ein mann skaut ein stor stein som låg i elva, og seier at det tok mange år før laksen igjen våga seg forbi. Han er også bekymra for blanding av fiskestammene, at fisk frå Hornindalsvatnet vil bevege seg nedover elva.

Knut Moen får støtte frå Erling Bjørlo i at SFE er forplikta til å halde anlegget i hevd. Foto: Tormod Flatebø