– Vi har gjennomført ei fullstendig oppgradering av butikken, og har skifta ut alt. Nytt moderne utstyr i kjøl og frys, nytt golv, ny lyssetting, nye kasser og datasystem, nye reolar og ny plassering av varene. Også søndagsbutikken har blitt ny frå golv til tak. Heile butikken vil stå fram både moderne, fresh og ny når alt er ferdig, seier distriktssjef i Bunnpris Kai Arild Myrold.

Store utfordringar

I ombyggingsfasen har det vore ei stor utfordring å halde butikken open samstundes med at arbeidarar har jobba. Både snikkarar, golvleggjarar, elektrikarar og røyrleggjarar har måtta ta omsyn til kundane samstundes med at dei må gjere jobben sin. Men til alt hell har det gått veldig fint.

– Vi har hatt store utfordringar med å byggje om samstundes som butikken er i full drift. Reolane har blitt flytta eit titals gongar, for å ta omsyn til kundane og arbeidarane som skulle leggje golvet. Vi har forsøkt så godt vi kan å gjere heile arbeidet utan å ramme kunden. Ved ombyggingar som dette vel vi som regel å halde ope i ombyggingsperioden, men med ei slik framdrift medfører det også mykje natt- og helgearbeid i tillegg, seier han.

Rosar tolmodige kundar

Trass ombygginga er Myrold svært glad for at kundane og dei tilsette har takla ombygginga på ein så god måte som dei har.

– Vi har hatt stabilt besøk under heile ombygginga. At kundane har vore tolmodige set eg veldig stor pris på, det har vore ein vanskeleg prosess for alle, seier Myrold.

Lysare og opnare

På Bunnpris har ein også søndagsopen butikk, med eigen inngang. Dei er den einaste butikken på Eid som har tilrettelagt for søndagsope. Denne butikken har også blitt pussa opp, og fått ny kjøl og frys, nytt golv, ny lyssetting og er snudd litt om i forhold til slik den var. Det er betre plass mellom reolane, og står fram lysare og opnare.

– Butikken er opna opp med breie gangar, ein kan enkelt orientere seg fordi det er betre oversikt. Vi har også samla varegrupper som høyrer naturleg saman. Samstundes får vi også ny moderne layout i butikken, legg han til.

Butikksjef Kjetil Andrè Kvalsvik har jonglert open butikk med oppussing i fleire veker, Torsdag skal alt vere heilt klart til den store senter opninga. Foto: Anita Ingebrigtsen
Anne Brattheim køyrer inn lass på lass med nye varer til butikken. Ho har god kontroll på tralla, og tek gjerne ein ekstra runde for fotografen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Kai Arild Myrold hjelper gjerne kundane med å finne det dei treng. Og i ombyggingsperioden har det vore mange spørsmål om kvar ein finn alt. Foto: Anita Ingebrigtsen
Kunden Aud Bjørhovd, dagleg leiar i kafeen Cats, ventar tolmodig medan Anne Brattheim og Bitten Myrold ryddar opp i eit mindre dataproblem i det nye kassasystemet. Dette løyste seg fort med litt samarbeid. Foto: Anita Ingebrigtsen
Annlaug Kjøsnes sjekkar at alt er komme dit det skal på lista, og kryssar ut. No er det berre dagar igjen til alt er tilbake til det vante for dei tilsette og kundane. Foto: Anita Ingebrigtsen