– Vi kan allereie å lage hjarte i kaffien, men vi kjem til å lære meir på neste kurs. Vi serverer heilt fersk, nymalen barista kaffi av topp kvalitet frå ein topp moderne barista maskin. Vi har også ein topp moderne espressomaskin, fortel eigar og drivar Anita Førde.

I kafeen er det tre fulltids tilsette og fire ekstrahjelper. Når det nye kjøpesenteret opnar, vil Sjøkanten kafe utvide opningstida. Då opnar kafeen klokka 09.00 om morgonen, og heilt fram til 19.00 på kvardagar. Laurdagar frå 10.00 til 17.00.

– Vi har gjort om kafeen, og fått meir effektiv bruk av borda. Det kjem også eit leikerom rett ved sidan av kafeen, der barna kan leike medan foreldra kosar seg på kafé, seier ho.

Kafeen har bord plassert fleire plassar, ein kan sitje utanfor i solveggen, i avslappingskroken bak ned mot sjøen, det finst bord med havutsikt, eller ein kan sitje nær hovudgangen og få med seg kven som kjem og går på kjøpesenteret. Noko for ein kvar.

Heimelaga mat

Menyen vil bestå av heimelaga og norsk mat laga frå botnen av. Ho vil heller bruke dyrare råvarer, og ikkje ha masseprodusert fastfood. I kafeen kan ein også få kjøpt brød frå bakeriet på Bryggja.

– Vi har enkle og gode oppskrifter, og vil servere heimelaga kjøttkaker, raspeballar og lapskaus. I tillegg vil vi ha ein grillmeny med spesielle hamburgarar som inneheld 100 prosent kjøt og brød frå bakeriet på Bryggja. Alt av påsmurte smørbrød vert gjort her. Vi får også levert ferske kaker kvar dag frå bakeriet på Bryggja, og nokre bakar vi sjølv, fortel Anita.

Allergivennleg mat

Sjøkanten kafé har også investert i nytt frityranlegg, der den eine er glutenfri frityr.

– Vi føl alle krav til moderne kjøkken i dag, og har investert i sjølvsløkkande frityranlegg. Vi har to frityranlegg, der eitt av dei er glutenfritt. Vi kjem til å fokusere på å ha både vegetarmat og allergivennleg mat, og vil utvide tilbodet etter kvart. Vi har alltid eit alternativ til alle som har ein form for allergi, seier Anita.

Too good to go

I dag er det arbeidarane som jobbar med bygginga av det nye Amfi Nordfjord som nyt godt av maten som ikkje vert seld i løpet av dagen.

– Vi vil tenkje meir miljøvennleg, og unngå å kaste så mykje mat. Difor vil vi ha mat til sterkt redusert pris som er for god til å kastast «To good to go», fortel ho.

Anita Førde kjem opphavleg frå Breim, men har vakse opp på Eid. Sidan ho var 13 år har ho jobba med mat, då starta ho som sommarhjelp på Promenaden i 1990. Førde har teke fagbrev som kokk i Ålesund,

og endeleg har ho fått oppfylt draumen med eigen kafé, her har ho mange planar og draumar ho håpar å få realisert. Det er spennande tider for dagleg leiar Anita Førde som tek over Sjøkanten kafé frå 1. januar 2017. Ikkje berre får ho draumen sin oppfylt om å drive eigen kafé, men så veks det ein liten baby inni magen også.

Frå venstre Anita Førde, Hege Hafsaas og Christian Johannesen. Foto: Anita Ingebrigtsen
Anita Førde får blomer av senterleiar Gro Gjerdevik og vert ønska velkomen. Etter ei storstilt oppussing er det fleire kafebord, større utval i varer og endå litt trivelegare. Foto: Anita Ingebrigtsen