−  Ei fantastisk helg. Ståle Raftevold og Lars Garshol er strålande fornøgde med den første kornølfestivalen i Honndalshallen. Interessa var så stor at dei reknar med at dette blir eit årvisst arrangement.

Norsk Kornølfestival samla ølinteresserte frå nær og fjern. Arrangørane hadde lagt opp til eit variert program med konkurransar, interessante føredrag relatert til brygging, oppskoke på gamlemåten. Her var musikk og sjølvsagt rikeleg med øl, i alle smakar og variantar.

På festivalen var det folk frå stadar som Skien, Tromsø og Grimstad, og Lars Garshol fortel at det til og med var ein kanadisk gjærforskar som hadde lurt på å ta turen. Sjølv har han personleg aller mest fornøgd med å ha fått samla seg fire kveikar. For kveik var eit viktig tema på årets kornølfestival.

Og for dei uinnvigde; kveik er urnorsk ølgjær som det finst lokale variantar av. Gjæra blei brukt til ølbrygging på gardane i gamle dagar og vart brukt om igjen og oppbevart på forskjellige måtar, oftast tørka. Slik kunne ein bruke same kveiken gjennom fleire år og generasjonar.

Tradisjonell brygging

Ståle Raftevold og Lars Garshol er genuint interesserte i tradisjonell ølbrygging, korleis forfedrane våre bryggja øl. På det store, vide internettet vart det oppretta ei eiga side om kornøl & kveik der interessa raskt eksploderte, og ein nærmar seg no 1000 medlemmer.

– Gruppa tok av, og vi fann ut at vi måtte samlast og lage festival. Det er her i Hornindal, på Voss, i tillegg til Stjørdal som er dei plassane som utmerkar seg når det gjeld tradisjonell brygging, og vi valde Hornindal,  forklarer Ståle Raftevold som sjølv bur i Sykkylven. Lars bur i Oslo.

Etter å ha gjennomført ein vellukka kornølfestival, vil dei no setje seg ned å ta ei evaluering. Ein ting som dei vil prøve på er å få fleire damer med på neste festival. For nokre generasjonar sidan var det i stor grad kvinnene som stod for ølbrygginga.

NM i brygging av kornøl

Under ølfestivalen vart det arrangert NM i Kornøl. I konkurransen stilte 15 deltakarar, av dei fleire lokale frå Hornindal.

Bryggeriet 514 vart publikumsfavoritt, med Tjønes Bryggelaug som nummer to og Espes bryggeri på tredjeplass.

Lars-Tunet vart NM-vinnar i kornøl. Dei hadde etter dommarane si vurdering eit veldig godt og lettdrikkeleg øl med ein herleg einearoma. Her anar dommarane kokt einar, mose og jord som spelar godt saman og gjev god sødme, her er lett røyk og frukt og tonar av sitron, men veldig lite syre.

Stalljen vart nummer 2 med eit øl som ifølgje dommarane hadde ein fruktig aroma av sopp og einar. Ølet er syrleg med litt sitronpreg, men syra heng flott saman med den friske einaren og framheva smaken av våt skog.

Ølet til William Holden vart nummer 3, eit uvanleg øl med smak av erter, jord, einar og ein god, bitter ettersmak av appelsin.

Lærerik helg

Kinn bryggeri var eitt av bryggeria som var til stades for å tappe øl. Produktsjef Ulf Hansen fortel at han i utgangspunktet hadde lite kunnskap om kornøl, og at han har lært mykje under festivalen. Sjølv hadde han med seg fem ulike ølsortar. Den sorten som det gjekk desidert mest av fredag kveld var Saison Ekstra, som stod for nesten 50% av salet.

–  Der var somme som forsynte seg opptil ti gonger. Ølet har ein styrke på 7 %, og

dei grådigaste vart etter kvart litt snøvlete, medgir Hansen, som sjølv har ølsorten Gamleguten som sin favoritt.

Kinn Brygger bryggjer i hovudsak engelsk, belgisk og amerikansk type øl og bruker i liten grad kveik i sin brygging. men no

vurderer Ulf Hansen å bruke det i større grad.

Det finst mange ølfestivalar. Men dette er den einaste kornølfestivalen. Her finn du dei eller mest nerdete bryggarane, fortel Arne Bømer som hadde køyrt helt frå Hamar og hadde med seg 19 liter øl som han delte ut.

Øl knyter band

– Vi har høyrt at det skal vere så mykje godt kornøl her i Honndalen, svarar Tor Slettebakken frå Bergen på spørsmål om kvifor han og kameratane har teke turen til Norsk Kornølfestival i Hornindal.  Han fortel at han var på besøk hjå ein svoger i Stardalen og dei fann ut at dei skulle ta seg ein tur på ølfestival. På vegen plukka dei opp eit par til.

Slettebakken er spesielt oppteken av det sosiale og det å knytte kontaktar.

–  Øl har ein tendens til å knyte band og skape samhand. Alt øl skaper sosiale relasjonar mellom folk, det blir lettare å kommunisere, byggje bruer, ølet kan vere med på å skape fred i verda, filosoferer Slettebakken.

– Godt til burgar

Rundt bordet sit Thomas Heggelund, innflyttar i Stardalen, Tor Slettebakken frå Bergen, Jon Flatjord frå Utvik og Ørjan Skåden frå Innvik. Dei representerer litt av mangfaldet blant dei som tok turen på kornølfestival.

Thomas Heggelund er dagens sjåfør og representerer den faglege ekspertisen. Heggelund har master i ølbrygging. Han har studert i eitt og eit halvt år i Edinburgh i Skottland, men lærte ingenting der om kornøl.

Ørjan Skåden er interessert i å lære meir om brygging, han har eit eldhus på garden der det vert bryggja. Han håper at dette er starten på ein årleg kornølfestival i Hornindal.

–  Eg har ikkje så mykje greie på dette, men ølet er godt til burgar, fastslår Jon Flatjord frå Innvik.

Reidar Holmøy, Reidun Holmøy, Jan Martin Holmøy og Silvia Holmøy hadde teke turen til Honndalshallen. Reidar fortel at han bryggjer mest til spesielle anledningar. Han lærte å bryggje øl av ein onkel i Markane, Rolf Nore, men det er ikkje alltid resultatet blir like godt. Det som vart brygga til påske i år var ikkje særleg bra. Men her i honndalshallen er det mykje godt øl, og dei tykkjer det er eit godt tiltak å få fram den spesielle ølbryggekulturen i Nordfjord. Foto: Anna Wuttudal
Ståle Raftevold og Lars Garshol er genuint interesserte i tradisjonell ølbrygging og traff innertiar med kornølfestival i Hornindal. Foto: Anna Wuttudal
Ståle Raftevold og Lars Garshol er genuint interesserte i tradisjonell ølbrygging og traff innertiar med kornølfestival i Hornindal.
Det er stor interesse for brygging. Vi drikk ikkje lenger skvip. Etter kvart som ein blir eldre, blir ein meir oppteken av god mat, og då må ein også ha godt øl. Eit veldig bra tiltak, meiner Kjell Kvalen frå Larsnes har sikra seg litt honndalskveik som han planlegg å blande med Vossakveik. Sjølv bryggjer han ein 20-liters tank 5-6 gonger i året og held seg sjølv og nærmiljøet med heimebrygga øl. Foto: Anna Wuttudal
Frå venstre: Thomas Heggelund har master i ølbrygging, Tor Slettebakken set stor pris på det sosiale, Jon Flatjord er frå Utvik medan Ørjan Skåden er frå Innvik. Foto: Anna Wuttudal
Aurora Leivdal Haavik frå Leivdal i Eid og Knut Roger Strøm frå Tretten skal gifte seg på Nordfjordeid neste sommar, og den vordande ektemann skal lære seg å brygge øl til bryllaupet. Dei var saman med venner på ølfestivalen for å smake på øl og lære om brygging. Foto: Anna Wuttudal