Fylkesmannen er ikkje konsekvent. I Sogn seier ho at det er viktig å skape tyngdepunkt, og på kysten er det viktig å skape tyngdepunkt, men her gjer ho ingenting. Det er like viktig med tyngdepunkt i midtre. Frå vår side er det også viktig med eit tyngdepunkt her. Eg forstår ikkje logikken, seier Bjørlo. Han viser til at Leikanger ikkje er i krise, men at Eid kjem til å få ein kritisk dårleg økonomi om ein ikkje blir ein del av ein større kommune.

Er Fylkesmannen feig?

Det er positivt at ho tek grep og vil lage tyngdepunkt i ytre, men ho er ikkje konsekvent. Ho kunne vore tøffare, og ho burde lagt like stor vekt på å lage tyngdepunkt i Nordfjord som i indre Sogn.