Laurdag føremiddag kolliderte to bilar på den smale vegen ca. 10 kilometer frå Eid mot Torheim.

Ambulanse kom først til staden, og føraren av den eine bilen vart send til lege for rutinekontroll. Vegen var stengd om lag ein time før brannvesen fekk dirigert trafikken forbi ulykkesstaden. Vegen er no open att.

Både politi og bergingsbil kom til staden noko etterpå og fekk fjerna eine bilen. Den andre bilen som var involvert kunne køyre frå staden for eigen maskin.

Brannvakt Rune Haugland i Eid brannvesen kan ikkje huske at han har vore ute for møteulykker på denne vegen dei seinaste åra.

– Det er i grunnen rart at det ikkje skjer fleire ulykker her, seier Haugland.