Felles for sjukehusa som er på topp ti lista er at dei er mindre institusjonar og gjerne spesialiserte. Førde Sentralsjukehus ligg om lag på gjennomsnittet.

PasOpp-undersøkinga gjennomførast årleg, for å finne ut korleis pasientane opplever sjukehusopphaldet. Det er Nasjonalt kunnskapssenter for helsetenester som kvar haust gjennomfører ei nasjonal brukarundersøking mellom vaksne døgnpasientar ved norske sjukehus.

Undersøkinga inneheld 53 spørsmål om korleis dei opplevde sjukehusopphaldet. Undersøkinga gjev ein indikasjon på kor nøgde pasientane er, men seier mindre om kvaliteten ved sjukehuset.

Små og spesialiserte

Resultata frå granskinga hausten 2015 viser at Helse Førde ligg om lag på same nivå som før. Lokalsjukehusa i Lærdal og Eid er også denne gongen inne mellom dei sjukehusa som skårar høgast. Felles for sjukehusa på topp ti-lista er at dei er mindre institusjonar, og gjerne spesialiserte. Førde sentralsjukehus ligg om lag på gjennomsnittet.

Gode på

For Helse Førde syner resultatet at føretaket skårar betre enn landssnittet på indikatorane pårørande, organisering og samhandling,

Dårlege på

Helse Førde kjem litt dårlegare ut enn gjennomsnittet på på informasjon, utskriving og ventetid.

Undersøkinga har vore gjort ei rekkje år, og samla sett er norske pasientar meir nøgde no, enn med sjukehusa tidlegare. Rapporten blei presentert for styret i Helse Førde i samband med møtet på Indre Sogn psykiatrisenter i Sogndal torsdag.

Heile rapporten kan du lese her.