(NPK): Tunnelane som Statens vegvesen no skal starte oppgradering av er Apal-, Hjelmås, Sauås- og Eikefet små-tunnelen. Frå før er det allereie arbeid i Mundalsberg- og Bjørsviktunnelen.

Trafikken blir leia igjennom tunnelane med leiebil frå klokka 22.00 til 05.30, med ein time mellom kvar kolonne. Kolonnane blir samkøyrde, ved at trafikkdirigentane har kontakt over samband. Bilistane må rekne med litt ekstra ventetid, fordi ein må samle alle bilane i ei kolonne framfor kvar tunnel før gjennomkøyring. (©NPK)