− Eg vil gratulere det nye styret til Eid Unge Venstre, eg er sikker på at dei vil gjere ein utmerka jobb i Noregs utan tvil mest liberale kommune, seier ein svært nøgd fylkesleiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre, Jacob Bredesen som sjølv starta sitt politiske engasjement for fullt då lokallaget vart stifta i 2014.

Den nye leiaren Ole Martini har alt brei politisk erfaring. Han blei vald inn i Eid ungdomsråd i 2012 og har sitte i rådet heilt til i haust. Dei to siste åra har han vore både nestleiar og leiar. I 2014 stifta han Eid Unge Venstre saman Bredesen og Sundal, og har i ettertid jobba seg opp karrierestigen. Han starta som 2.nestleiar i 2014 og blei no i 2016 vald som leiar i lokallaget. I tillegg til dette blei Martini i mars vald av fylkesting for ungdom som medlem til det partinøytrale ungdomspolitisk utval. Han er også styremedlem i Sogn og Fjordane Europeisk Ungdom.

− Det kjenst kjempemotiverande å bli vald som leiar i Eid UV. Tusen Takk til årsmøtet som har gjeve meg tilliten, seier Martini som blant anna brenn for dei skeive sine rettar. Han ynskjer at Eid kommune lager ein kommuneplan for LHBT-personar. Elles brenn han for oppvekst og skule, menneskerettar og utanrikspolitikk. Martini tek over leiarvervet etter Anne Kristin Sundal, som har vore leiar sidan lokallaget vart stifta i 2014.

Lokallaget har hatt høg aktivitet og fatt fleire nye medlemmer. Ikkje minst har ungdommen vore aktivt med i Eid Venstre sine møte og representert Eid Venstre i fleire ulike arenaer på fylkesniva. Anne Kristin Sundal blei ved lokalvalet i fjor haust vald som medlem i helse- og sosialutvalet i Eid Kommune og kunnskapspolitisk utval i Unge Venstre. Ho har no flytta til Oslo for å studere filosofi på UiO, men ho vil ikkje sleppe taket heilt, og held fram som økonomiansvarleg.

− Det har vore ei glede å vere leiar for Eid Unge Venstre. Utan Eid Unge Venstre så ville eg ikkje vore der eg er no, seier Anne Kristin Sundal.

Ingebjørg Bjørlo blei vald som 1. nestleiar og er for mange eit nytt namn innan ungdomspolitikken. Ho har vore medlem i Unge Venstre sidan 2014 og trekk fram fritt skuleval som ei av kampsakene sine. Ho deltok også i haust på kvinneakademiet til Unge Venstre.

− Eg gleder meg til a gjere ein innsats for lokallaget» seier Bjørlo

Anna Teresa Sundal er også eit nytt namn i ungdomspolitikken og er vald som 2. nestleiar. Ho har vore medlem av Unge Venstre sidan i fjor, er også medlem av ungdomsrådet. Blant hjartesaker trekker ho fram dyrevern.

− Unge Venstre har ein svært god dyrevernpolitikk, noko som gjorde at eg ville engasjere meg meir i ungdomspolitikken, seier ho.

Stortingsrepresentant og tidlegare leiar av Unge Venstre, Sveinung Rotevatn gler seg over veksten i lokallaget.

− Det var diverre ikkje noko Unge Venstre på Eid då eg vaks opp. Desto kjekkare er det å sjå at det går så bra for gjengen no. Ungdom er diverre underrepresentert politisk. Difor er det viktig med god aktivitet i ungdomspartia.» seier Sveinung Rotevatn.

Anna Teresa Sundal er ny 2. nestleiar i Eid Unge Venstre. Foto: Fjordabladet
− Eg vil gratulere det nye styret til Eid Unge Venstre, eg er sikker på at dei vil gjere ein utmerka jobb i Noregs utan tvil mest liberale kommune, seier fylkesleiar av Sogn og Fjordane Unge Venstre, Jacob Bredesen. Foto: Pressefoto
Ungdom er diverre underrepresentert politisk. Difor er det viktig med god aktivitet i ungdomspartia.» seier Sveinung Rotevatn. Foto: Pressefoto