Regissør Ronald Rørvik ventar dei siste store sceneelementa inn løpet av torsdag og fredag.

Eit mønsterbruk

– Vi er avhengige av desse sceneelementa no for å komme inn i fin-timingen. Stykket er krevjande teknisk sett. Det er store sceneskift, og bildet skal vere heilt annleis når teppet går opp. Heldigvis har vi flinke elevar som hjelper teknikarane her, og det frivillige apparatet er eineståande. Dette er eit mønsterbruk når det gjeld scenografi, kostyme og alt i grunnen. Det er moro å vere her, og eg har følgt operaen på Eid tett, og vore her jamleg opp igjennom åra.

Utveksling av kompetanse

– Vi har eit godt samspel med dei frivillige. Vi tenkjer ikkje på at vi har profesjonelle og amatørar, det skjer ei samhandling mellom dei der utveksling av kompetanse og kultur skjer, og så justerer ein seg inn etter kvarandre og finn ut korleis ting skal vere. Det er eigentleg som å jobbe med berre profesjonelle. Og så er det jo viktig å leggje lista litt høgare for å ha noko å strekke seg etter og bli litt flinkare for kvar gong, seier Ronald Rørvik.

Sjølv om billettsalet går greitt, legg ikkje regissøren skjul på at det er utfordrande med mange gode arrangement som konkurrerer med kvarandre på same tid.

– Ein kan ikkje rekne med at alle går på alt. Nokre tenkjer kanskje slik at dei skal gå på familieførestillinga som kjem etterpå. Dessutan er publikumsgrunnlaget for ei slik oppsetting litt avgrensa, og difor har ein også vald å gå ned frå åtte til seks førestillingar, forklarer Rørvik.

Kvifor komme og sjå på?

– Det er veldig mykje flott musikk, koret er veldig bra, og så har vi med topp solistar. Det er eit finurleg stykke, med fantasi og Hoffmanns eventyrforteljingar. Han sit på ei kjellarkro og fortel tre historier med stor fantasi. Det er ein rik opera, der det kjempast mot djevelen. Det er mange skift undervegs, og fire heilt forskjellige bilde ein får sjå. Det er noko for fantasien og sterkt visuelt sett.

Fantastisk å vere her

Også solistane kosar seg under øvingane, og slappar av i pausen. Hovudpersonen som spelar Hoffmann, Thomas Ruud har i tillegg med seg  hunden Daisy på alle øvingane.

– Det er kjekt og fantastisk å vere her, og vi kjenner jo kvarandre godt. Det er ikkje alltid alle dei beste skodespelarane er samla på eit brett slik som her, seier Thomas Ruud.

Det gjennomgåande temaet er Hoffmann sin evige søken etter den perfekte kvinna og den store kjærleiken. Det er ei stor rolle, og Thomas Ruud har meir enn nok med å tolke den. Dei andre solistane har fleire roller i stykket.

Siv Oda Hagerupsen spelar tre forskjellige roller som musen til Hoffmann, Niklaus som er kameraten til Hoffman, og Antonias mor. Magnus Kjeldal har også tre roller, som Nathanael kameraten til Hoffmann, Cochenille som er ein tale, og Schlemihl, elskaren til Juliette. Jan Erik Fillan spelar fire forskjellige roller: Andreas som er tjenar. Spalanzani som er ein fysikar og som lagar dukka Olympia. Franz som er ein tjenar til Crespel, og Pitichinaccio som er ein vitsemakar. Ditte Höjgaard Andersen har rolla som dukka Olympia. Trond Halstein Moe har også fire roller Lindorf, Coppelius, Dr. Mirakel og Dapertutto. Ketil Hugaas spelar Crespel. A. Voje har rolla som Giulietta.

Solistane Siv Oda Hagerupsen, Thomas Ruud, Daisy (maskot), Magnus Kjeldal og Jan Erik Fillan. Foto: Anita Ingebrigtsen