Dette melder Malakoff Rockfestival i ei pressemelding.

– Festivalen startar med konsertar i Amfiet på torsdagen, og du kan sjekke inn på festivalcampen før konserten. Torsdag 28. september startar billettsalet. Under Malakoff16 fekk du oppleve eit ekstraordinært artistprogram og ein brusande festivalcamp presentert i festivalrammer som gav alle besøkande og oss som arrangør opplevingar for livet. Vi nøyer oss sjølvsagt ikkje med det, og vi er derfor veldig glade over å kunne avsløre at vi til Malakoff17 tilbyr konsertar i amfiet på torsdag kveld, samt at festivalcampen opnar på torsdag ettermiddag for dei som er tidleg ute og skaffar seg tredagarspass inklusive3 camp, heiter det i pressemeldinga.

Markerer jubileet

Festivalen melder at ei utviding frå to til tre dagar har vore vurdert over lengre tid:

– Behovet og ønskjet om å opne campen torsdagen har vore diskutert i fleire år, og talet på "villcamparar" frå torsdag til fredag har auka siste åra. Organisert overnattingstilbod er viktig for å ta styringa og sikre gode og trygge rammer. Malakoff fyller 15 år i 2017, og konsertar i Amfiet torsdagen kveld, vil vere ei flott markering av jubileet, heiter det i pressemeldinga.

Festivalen understrekar at ein viktig føresetnad i driftsmodellen som ligg til grunn for utvidinga, er at det ikkje skal medføre for stort innhogg i frivilligkapasiteten.

Førstemann til mølla

I 2017 vil det altså for fyrste gong bli seld tredagarspass til Malakoff Rockfestival.

– Vi legg ut avgrensa tal billettar til torsdagen, Malakickoff 2017. Tre-fire artistar vil bli booka til denne konsertkvelden i Amfiet, melder Malakoff Rockfestival, som er sikre på at det vil bli rift om billettane.

– Førstemann til mølla! Så skal du vere med på den ekstra festivalopplevinga på Malakoff17 må du merke deg billettstartdatoen 28. september, heiter det i pressemeldinga.

Held på aldersgrensa

Malakoff Rockfestival har skifta billettleverandør til TicketCo, og alle billettar kan du enkelt kjøpast frå festivalen si nettside Malakoff.no. Når det gjeld festivalcampen har det i fleire år vore svært stor pågang for å kjøpe billett.

– Vi har ekstrem stor pågang på festivalcampen vår, og vi må kunne tilby nok overnattingsplassar til dei som treng det. Når vi i tillegg mister campareal til eit bustadbyggingsprosjekt, så har vi bestemt at det ikkje er muleg å kjøpe Partyteltplassar i år. Etter gode diskusjonar med mellom anna politiet så har vi bestemt å vidareføre aldersgrensa på 16 år for å få tilgang til festivalcampen, heiter det i pressemeldinga.

Malakoff Rockfestival opplyser også at ein allereie har booka artistar til neste års festival, og at ein om kort tid er klare for det første artistsleppet.