Øystein kjem opphavleg frå Hobøl i Østfold, om lag 40 minuttar med tog frå Oslo. Dei siste tre åra har han arbeidd som prest i Tonsen kyrkje i Oslo, og før det var han sju år i Kirkenes.

Kallet vaks på meg

Då han var 19 var det journalist han ville bli, han var i alle fall sikker på at han ikkje skulle bli prest. Etter å ha arbeidd litt som frilans journalist, starta han på kristendom grunnfag og då var vegen kort til å velje kristendom mellomfag etterpå. Etter teologistudiane, og å ha arbeidd på Bakketun folkehøgskule i tre år bestemde han seg for å bli prest likevel.

– På vidaregåande vekk eg høyre at eg var flink til å formidle, og at eg burde bli prest. Men eg trudde eg måtte vere som «gamlepresten» heime, og eg var langt frå å vere slik som han, så det var uaktuelt. Eg byrja å studere journalistikk og jobba litt frilans før eg starta på kristendom grunnfag. Jo meir eg studerte, jo meir interessant blei det. Det vaks fram ein gryande tanke, og eg fekk også litt praksis og sommarjobb som prest. Eg trengde ikkje vere som «gammalpresten» heime, eg kunne vere meg sjølv og då fall ting litt på plass. Eg fann ut at den viktigaste nyheita var 2000 år gammal, og at det var det eg ville formidle. «Evangelium» betyr også godt nytt, og no får eg jobbe både med formidling og menneske, fortel Øystein.

Best med å vere prest?

– Det er møtet med mennesket i alle mulege livssituasjonar, det å kunne bety noko for andre om det er i sorg eller glede. Det er eit privilegium å få bli invitert inn i folk sine liv.

Tyngst?

– Det er når det ikkje finst meining, når barn dør. Det er det verste ein kan oppleve, når det er bekmørkt og umogleg å finne meining, då er det heller ingen ord som kan gje trøyst. Men likevel kan det vere meiningsfylt å vere medvandrar i sorga for dei som har mista. Når det skjer vanskelege ting i eige liv, så kan det vere vanskeleg å vere der for andre, det er då ein må tenkje at dette er ein jobb, og leggje vekk sitt eige.

Favorittsitat i bibelen?

– Det kan vere fleire, men eit eg gjerne tek fram er frå Jeremia 29.11 «For eg veit kva tankar eg har med dykk, seier Herren, fredstankar og ikkje ulukketankar. Eg vil gje dykk framtid og von». Heile det kristne livet levast her og no, og Gud bryr seg om livet som levast her og no.

Ikkje landa på eit svar

Frå 2017 vil det vere muleg for homofile og lesbiske å gifte seg i si lokale kyrkje. Alle landets 12 biskopar ønsker at homofile og lesbiske skal få vie seg, og det betyr at alle kyrkjer i Norge skal tilby homofilt ekteskap. Samstundes bør prestar og andre tilsette i kyrkja kunne reservere seg mot å delta i viing av homofile, meiner biskopane.

Øystein Mathisen meiner ikkje at ekteskap mellom likekjønnede er synd, slik brot på dei ti bod er.

– Ekteskapet er allereie omdefinert til ikkje å vere ein kjønnspolarisert union slik vi er vande med, men ein union mellom to menneske. Eg ville aldri nekte å be for nokon eller velsigne dei og liva deira. Men eg har ikkje landa på eit endeleg svar endå. Eg må jo bestemme meg innan 2017. Dette er eit viktig spørsmål, seier han.

Ungdomsarbeid

– I dei kyrkjene eg har arbeidd har eg vore den av prestane som har arbeidd mest med ungdom og ungdomsarbeid. Så det gleder meg at det drives mykje bra ungdomsarbeid her, som eg ynskjer å støtte opp om så godt eg kan, seier han.

Elles er Øystein Liverpool-fan, og likar godt å lese bøker og spele sjakk. Då han flytta tok han med seg kajakken på biltaket, og håpar på mange fine turar rundt om i nærområdet.