Det er arbeid på gang med forsterking av Bjørhovde bru på Hauane. Prosjektleiar Audun Borlaug opplyser at brua ikkje skal utvidast, men berre forsterkast.

– Men bør det ikkje også bli breiddeutviding med rom for gul stripe?

– Brua er smal og det ville vere ønskeleg med utviding, men ein har ikkje midlar til det i dag, seier prosjektleiar Audun Borlaug.

Han forklarer at det som Statens vegvesen no får utført er å forsterke og overflatebehandle stålbjelkane på brua. Det same skal gjerast på Stårheim bru.

– Vi har starta på Bjørhovde som skal vere ferdig om 14 dagar. Deretter startar vi på Stårheim som skal vere ferdig i månadskiftet okt/nov. Alt arbeid skal føregå på undersida av bruene.