Det sa Arve Sandal, nestleiar i Sogn og Fjordane Røde Kors då han orienterte lokale aksjonsleiarar  frå Eid, Gloppen, Selje, Hornindal og Bremanger om årets TV-aksjon.

− I 2016 går pengane som blir samla inn gjennom TV-aksjonen til Røde Kors. Saman skal vi gje livsviktig hjelp til ofra for krig og konflikt. Årets TV-aksjon skal redde liv og gje omfattande helsehjelp til nokre av dei mest sårbare i verda. Menneske som er råka av krig og konflikt. Årets hårete mål er at vi gjennom TV-aksjonen skal gje meir enn to millionar menneske få livsviktig hjelp. I denne store folkedugnaden har vi også som mål at Sogn og Fjordane skal bli beste fylket, sa Sandal som også var oppteken av dei grufulle handlingane som har råka hjelpearbeidarar og hjelpesendingar i Syria dei siste dagane.

Fryktlege handlingar

− Alle veit vi at krig og vald skaper enorme lidingar. 92 prosent av menneske som blir råka i krigssituasjonar er sivilbefolkninga. Situasjonen som vi opplever i Syria og dei omkringliggande landa er eit frykteleg døme på det. Menneske blir drepne, og ringverknadane for lokalbefolkninga er katastrofale. Dei manglar vatn, mat og medisinar, helsetilbodet er svekka og millionar må flykte frå heimane sine. Hjelpeorganisasjonane har ein stor jobb å gjere for å hjelpe så mange som muleg. Då er det ekstra ille å oppleve at hjelpearbeidarar blir drepne og kolonnar med mat, vatn og medisinar vert bomba, sa Sandal som var klokkeklar på at bombing av hjelpekolonner var eit klart brot på konvensjonar og internasjonale avtalar.

Innsamla midlar frå årets TV-aksjon går til Røde Kors sitt arbeid i ni land: Syria, Libanon, Sør Sudan, Afghanistan, Myanmar, Somalia, El Salvador, Guatemala og Honduras.

− I tillegg skal ti prosent av dei innsamla midlane gå til å hjelpe flyktningar som har kome til Norge. Blant anna til helsehjelp til papirlause flyktningar, sa Sandal som vidare opplyste om at målet under årets TV-aksjon er at alle husstandar skal få besøk av ein bøsseberar på aksjonsdagen, som er den 23. oktober.

− Skal vi få det til treng vi 100.000 bøsseberar. Du kan melde deg som bøssebærer på blimed.no. Når du har registrert deg blir du kontakta av den lokale TV-aksjonskomiteen med informasjon om oppmøtestad og korleis aksjonsdagen blir organisert i ditt nærområde. Tidspunkt for bøsseberinga er mellom klokken 16.00-18.00 søndag 23.oktober.

Fakta om TV-aksjonen:

•TV-aksjonen er blitt arrangert kvar haust ein søndag i oktober sidan 1974. I år går TV-aksjonen av stabelen 23. oktober.

•Sidan 1974 har det norske folk samla inn over sju milliardar kroner som har gitt titals millionar menneske livsviktig hjelp.

•Flyktningrådet hadde den første aksjonen og samla inn 125 millionar omrekna i 2013 kroner.

•Frå 1978 ble sjølve innsamlinga arrangert av kvar kommune med ordføraren i spissen. No ligger ansvaret hos over 500 kommune- og bydelskomitear.

•Den aller første gangen NRK stilte seg til rådvelde for eit veldedig formål var i februar 1946, for aksjonen «Nasjonalhjelpen for krigens ofre og de falnes etterlatte».

•Kong Haakon var den gang innsamlingsaksjonen sin høge beskytter, og aksjonens motto var «Du må ofre noe – mange ofret alt». (Kjelde: TV-Aksjonen.)