I høve verdas bilfrie dag 22. September og den Europeiske mobilitetsveka frå 16. til 22. September har Eid kommune bestemd at Skulevegen skulle vere stengd for biltrafikk i periodar heile torsdagen.

– Vi har hatt leikepatrulje her ute i gata, og det har vore kjempekjekt. Normalt er vi innanfor skuleområdet, men der har vi ikkje så mykje plass å leike på, så dette var heilt topp å vere med på. Det var snilt av rektor å gjere dette for oss, seier dei tre jentene.

Dei synest det er godt å sleppe trafikken forbi skulen, og seier ein bilfri skuleveg gjer dei tryggare.

– Vi vil gjerne ha det slik når vi har leikepatrulje kvar torsdag, seier dei.

Uoversiktleg Skuleveg

Også rektor Nils Petter Nes synest det var greitt med bilfri Skuleveg.

– Det var artig å oppleve det, det er slik det var for ein eller to generasjonar sidan. Då gjekk alle til skulen. I dag er det litt annleis med travle morgonar, og gjerne fleire barn som skal leverast i både barnehage og skule, og då er det sutlaust med eigen bil, seier han.

Viss Skulevegen skal bli permanent stengd vil han ikkje seie så mykje om.

– Vi ser at det er litt uoversiktleg med bilar og bussar om morgonen når elevane leverast i skulen, og når dei hentast. Sidan vegen vart einvegskøyrd for eit par år sidan så har det blitt litt betre, men langt frå godt nok. Det bør vere ryddigare forhold når bussane kjem og hentar barna, meiner han.

Fleire går/syklar

Denne veka har elevane fått høve til å skrive opp kor mykje dei har sykla eller gått til skulen, men nokon fullstendig oversikt har ein ikkje. Også dei tilsette har fått informasjon, og mulegheit for å melde seg på dytt.no som er ein hjelp til verksemder som ønskjer å bli meir aktive, ved å gå med skrittellar og logge dette på nett.

– Mange heimar ligg i gangavstand til skulen, til dømes i Prestemarka og Myklebuståsen så mange går til skulen allereie. Sjølv har eg litt langt frå heimen til arbeidet, men skulle gjerne vore flinkare og gått føre med eit godt eksempel, seier Nils Petter Nes.

Leikepatruljen består av 64 elevar frå 4. til 7. klasse. Dei organiserer leik for dei mindre barna frå 1. til 3. klasse. Foto: Nils Petter Nes