Publikum og arrangørar på Eidamessa i år kunne kose seg i deilig haustver med sol og sommarlege temperaturar. Likevel var det haustmotar som sto i fokus på moteshowet på Badstutomta førre fredag. September er ei tid på året då klebutikkane bugnar av nye spanade haustvarer, og fleire av butikkane i Eidsgata hadde gått saman om å vise fram litt av det dei hadde fått inn.

Det samla seg etterkvart mykje publikum som kosa seg i sola og fekk mange gode tips til fornying av haustgarderoben. Det vart vist fram alt frå arbeidskle og strikkagensarar til fritidskle, dressar og selskapskjolar. Publikum fekk verkeleg sjå bredda i utvalet på butikkane i Eid.

– Her er det ingen grunn til å gå over bekken etter vatn, var konklusjonen til nokre damer som sto og fylgde interessert med.

Les meir og sjå fleire bilete i papiravisa fredag.