Prosjektleiar Øystein Tytingvåg forklarer at Statens vegvesen hadde ein gjennomgang saman med Eid kommune om trafikksikkerheit i fjor, og det vart bestemt å etablere direktebelysning på gangfelt på elleve punkt. Dette gjeld i hovudsak langs E39. Dei nye trafikklysa skal lyse opp personar som skal over vegen på gangfelta, slik at dei vert lettare å sjå for bilførarane som kjem køyrande. Dette arbeidet starta opp i månadsskiftet august/september og skal vere ferdig i midten av oktober. Gravearbeidet er for å få fram straum til nye master og det gjenstår mellom anna noko arbeid ved rådhuset. Vegvesenet har leigt inn Veidekke Industri til å gjere arbeidet.

Skiftar vassrør

Også arbeidet med skifting av vassrør er i ferd med å ta slutt. Reidar Vonheim opplyser at dei i desse dagar skal ta det siste strekket med tilkopling i Korsen. Det er gamle støypejernsrøyr som vert bytta ut med plastrør, og dimensjonen vert auka frå 160 mm til 280 mm.

I 2017 blir Hornindalsvatnet ny vasskjelde, og Nordfjordeid vassverk skal i tillegg til sentrum også forsyne område frå Nor, gjennom Mogrenda og nedover Eidsdalen.  Vonheim reknar med at Nordfjordeid vassverk vil levere vatn derifrå framunder jul neste år.

Det er litt forskjellig arbeid på gang for å ta imot hornindalsvatn. Mykje er allereie på plass, men ein del gjenstår. Det vert mellom anna jobba på med høgdebasseng i Hogaåsen, strekninga frå Nor bru til påkoplinga ved Hornindalsvatnet har nyleg vore ute på anbod og til sist skal det byggast reinseanlegg på Nor.

I tillegg vert det lagt både vass- og avløpsrør i samband med vegarbeidet i Mogrenda.

 – Kva er prislappen for utbygging av vassverket og etablering av ny drikkevasskjelde?

– Ein vil vel passere 100 millionar kroner. Då blir vatnet like dyrt som brennevin, så då får ein vurdere kva ein skal drikke. – Men det må du ikkje skrive, ler Vonheim.