Det er Nordplan AS som har søkt på vegner av Seawalk Nordfjord AS om rammeløyve for oppføring av flytande landgang, seawalk ved Godsterminalen i Nordfjordeid sentrum og om dispensasjon og løyve til å installere to fortøyingsbøyer i sjøen.

Saka skal handsamast av Teknisk- og samfunnsutvalet i møte komande torsdag og Rådmannen tilrår at det vert gjeve naudsynte dispensasjonar og rammeløyve til oppføring og installasjon av Seawalk med tilhøyrande forankring slik som omsøkt.

Gjeldande plan for området er reguleringsplan Sørøyrane, sist endra i 2008, og kommuneplanens arealdel vedteken i 2015. Plassering av seawalk er vurdert til å vere i tråd med planformålet, som mellom anna opnar for etablering av cruisehamn.

Seawalk er ein landgang som skal nyttast til passasjerferdsel fram til land som erstatning til tenderbåtar. Sjølve fortøyinga av skipet skjer ved hjelp av fortøyingsbøyer og seawalken er såleis ein landgang som skipet skal legge til for av- og påstiging av passasjerar. Av den grunn finn ein seawalken å vere i samsvar med reguleringsføremålet.

Det har kome ei rekkje merknader frå naboar som mellom anna handlar om setningar i grunnen som følgje av erosjon og utvasking, trafikkale tilhøve, eventuell fare for setningsskadar på bygningar langs Kaivegen, og forureining frå fortøygde skip.

Merknadene er gjennomgått og det vert i saksutgreiinga vist til fleire rapportar og trafikkavviklingsplan.

Angåande ureining viser tiltakshavar til at når skipet ligg fortøyd er det berre hjelpemotor som er i bruk for å forsyne skipet med straum. Eksosutsleppet vil vere meir enn 300 meter frå land og det vil vere svært uttynna eksos som kan bli ført inn over land. Det vert også sagt at støynivået ikkje vil overdøyve den normale bakgrunnstøyen i eit trafikkert sentrum.

Søker kommenterer at når Seawalk er samanfalda vil den ligge i det arealet som er regulert til hamneområde i sjø (HS). Det frie trafikkområdet vil då i praksis verte større enn kva reguleringsplan legg opp til. I operativ modus vil yste del av Seawalk kome noko utanfor området regulert til hamneområde i sjø, men avstanden mellom molopiren og seawalk vil i praksis verte større enn kva reguleringsplanen legg opp til med ei fast kai.

Reguleringsplanen for Sørøyrane er utarbeidd etter plan- og bygningslova av 1985. Ny plan- og bygningslov trådde i kraft i 2008 og med denne lova kom det også inn fleire utgreiingskrav ved utarbeiding av detaljreguleringsplanar, og reguleringsplanen manglar desse utgreiingane. Rådmannen kan likevel ikkje sjå at dette momentet tilseier at det er behov for ein ny detaljreguleringsplan for området. Rådmannen viser til at grunnlagsdokumenta som følgjer søknaden er svært omfattande. Det er mellom anna utarbeidd ei eiga konsekvensutredning for fisk og naturmangfald med risikovurdering av ureina sediment. Det er utarbeida ein geoteknisk rapport frå Norconsult og trafikkavviklinga i området er avklart med kommunal vegmynde, teknisk drift. Søknaden har vore sendt offentleg mynde til uttale og tilgrensande naboar har kome med uttale i saka. Rådmannen kan ikkje sjå at ein planprosess vil gje ytterlegare dokumentasjonskrav enn det som allereie følgjer saka, og det er i saka heller ikkje avdekt behov for planendring i samband med dispensasjonssøknad for etablering av to bøyer.