Det skriv Stårheim bygdelag i eit innspel til planstrategiforslaget til Eid kommune.

Bygdelaget viser til at to godt besøkte årsmøte i Stårheim Bygdelag (2015 og 2016) har stått samla bak kravet om at gang og sykkelveg langs riksveg 15 frå Indre Røed til Høynes no må planleggast av Eid Kommune.

Følgje opp vedtak

I innspelet heiter det vidare: «Stårheim Bygdelag ber difor om at oppstart av reguleringsplanarbeidet vert prioritert inn i planstrategien for 2016-2020. Stårheim bygdelag stiller seg uforståande til og er svært overraska over at administrasjonen ikkje følgjer opp vedtaket frå formannskapet den 3.september 2015, om å komme i gang med reguleringsplan for gang og sykkelveg langs strekninga Indre Røed- Stårheim sentrum i planperioden 2016- 2020.»

Aksepterer ikkje utsetjing

Bygdelaget viser vidare til at Eid kommune under punkt 2.2.1, «Å bu i Eid» og under overskrifta; «Særleg om infrastruktur», gjer egreie for behov for detaljplan for reguleringsplan på strekninga og uttrykkjer seinare at: «Kommunen sine økonomiske rammer, medrekna fondsmidlar, tilseier at dette planarbeidet ikkje kan starte opp dei næraste åra».

«Stårheim bygdelag aksepterer ikkje at arbeidet skal utsetjast igjen på grunn av at kommunen hevdar å ha snevre økonomiske rammer. Å byggje ut og legge til rette for infrastruktur i krinsen Stårheim er ei god investering for Eid kommune. Vi forventar soleis at Eid kommune no tek kontroll i planarbeidet her på Stårheim. Det er då vi kan forme vår eigen kommune og krinsen Stårheim slik vi ynskjer at den skal bli.»

Samarbeidsavtalen

− Vi minner også politikarane om punkt 6 i samarbeidsavtala mellom Høgre, Venstre, Krf og Frp, datert 15 september 2015, der det står: «Dei fire politiske partia skal arbeide saman opp mot dagens fleirtal på stortinget for å få gjennomslag for betre samferdsle i tråd med Eid kommune sine innspel til NTP, samt bru Lote-Anda som ferjeavløysingsprosjekt og snarleg oppstart av gang og sykkelveg langs riksveg 15 på Stårheim.»

«Denne saka må Eid kommune ha fullt fokus på både lokalt, opp mot Statens Vegvesen og NTP. Ny detaljreguleringsplan for gang- og sykkelveg  langs riksveg15 Stårheim, Indre Røed– Stårheim sentrum må prioriterast inn i planstrategiperioden så tidleg som råd, helst oppstart 2017, heiter det i innspelet frå Stårheim Bygdelag.