– Vi nærmar oss påmeldingsfristen for konfirmasjon i 2017, og vi ser at denne tendensen frå tidlegare år held fram i heile fylket, seier organisasjonssekretær Astrid H. Bolstad.

–Årsakene til låg deltaking kan mellom anna  vere at våre tilbod er litt mindre tilgjengelege på grunn av reiseavstand til kurs og seremoni, men også at tilbodet framleis er for lite kjent. Mange ungdomar og foreldre vi tilfeldig snakkar med, hevdar at dei ville ha valt oss dersom dei hadde visst litt meir om Humanistisk konfirmasjon, seier Magni H. Flyum, lokallagsleiar i Nordfjord.

– Tilbakemeldingar vi får frå føresette og konfirmantar som har deltatt på kurs og seremoni hos oss, er svært gode. Fleire foreldre hevdar deira ungdom er blitt meir reflektert gjennom kurset, og har fått ny kunnskap, seier Flyum.

Konfirmasjonskurset oppmodar ungdom til sjølvstendig tenking og etisk refleksjon, og blir avslutta med ein høgtideleg  seremoni  6. mai 2017. Kurset i livssyn og etikk er meint å vere ein byggjestein på vegen mot vaksenlivet, men og for å styrke konfirmantane her og no, seier organisasjonssekretæren.

Menneskerettar, respekt og toleranse er viktige tema i kurset. Fridom til å tenkje og meine kva du vil er ein menneskerett. Fordi vi alle er ein del av ein større heilskap, er evna og viljen til å vise toleranse overfor andre viktig. Vi tek val på grunnlag av meiningane våre, og desse meiningane får ungdomane høve til å prøve på kvarandre.

21. - 22. januar blir det konfirmasjonsleir for alle humanistiske konfirmantar på United World College (UWC) sitt område på Hauglandsenteret i Fjaler kommune. Vi har konfirmantgrupper i Florø, Førde, Nordfjordeid og i Sogndal, med 15-30 konfirmantar kvar stad. Det å samle alle saman på leir gjer at dei kan sjå og føle at dei er fleire som vel dette alternativet, og mange ungdomar får nye vener rundt om i fylket på denne leiren, seier Bolstad.

Det vil bli fokus på nokre viktige tema på leiren, med mellom anna «Ansvar for verda» der nokre elvar frå UWC vil ha opplegget. - Samarbeidet med UWC, og det at leiren er lokalisert i dette internasjonale miljøet med elevar frå heile verda, gir leiren ein ekstra dimensjon, hevdar Flyum og Bolstad. Påmeldingsfristen er 1. oktober.

Foto: United World College
United World College (UWC) sitt område på Hauglandsenteret i Fjaler kommune. Foto: United World College