– Vi går og skular på kvarandre, og ingen vil ta det første steget. Det går an å prøve. Vi veit kva som skal til for å få samtalar i gang. Er utgangspunktet at vi skal vere regionsenter, er alle dører lukka. Vi må skape god stemning, seier Aarskog, som er open for å legge kommunesenter i Stryn i potten. Ho meiner det er ei overdriven frykt for at det berre er dei som får kommunesenteret som overlever, medan dei som ikkje får det går det ille med.

Aarskog trur ikkje det har så store betydning kvar hovudadministrasjonen i ein kommune er lokalisert, og er meir og meir oppteken av dei fordelane som ein får ved å slå seg saman. Ho viser til samarbeidet mellom Eid og Gloppen innan landbruk og skatt som skuleeksemel på at begge partar tener på samarbeid. At fagfelta vert samla og det blir bygt opp sterkare fagmiljø på høvesvis landbruk i Gloppen og skatt i Eid kjem begge kommunane til gode.

– Må vere rause

–  Eg skulle ønske det i Eid var vilje til å setje seg rundt eit bord, gi og ta og vere rause. Det er den einaste måten å få til noko på, seier Aarskog.  Ho er bekymra for dei økonomiske konsekvensane av å bli ståande åleine, og tek til orde for at ein må innrette seg etter den verkelegheita ein lever i.

– Kva med Volda eller Vågsøy. Kan det vere aktuelle partnarar?

– Når det gjeld Volda, så er eg litt usikker på styrkeforholdet, men høgskulemiljøet er spennande. Eg har i utgangspunktet tenkt mest på Nordfjord. I Vågsøy har dei mest fokus på kysten. Per i dag er det mest realistiske samanslåing med Stryn, konkluderer Eli Førde Aarskog. Ho legg til at ho sjølv er innflyttar og difor kanskje er litt meir open for samanslåing enn dei som er frå Eid.

 – Ei ikkje-sak

–  Ei ikkje-sak. Det den umiddelbare reaksjonen frå Sp-politikar Sigurd Reksnes.

– No har vi gjort den øvinga ein gong. Vi ligg midt i regionen. Eg meiner at vi må ha ein posisjon i Nordfjord. Vi kan ikkje gå inn i einkvar prosess ved å legge seg flat, seier Reksnes. Han peikar på at Eid kommune har vore veldig aktiv og teke initiativ i kommunereformprosessen, men ingenting har så langt ført fram.  Sp-politikaren meiner at det også må vere litt opp til kommunane rundt å ta initiativ og at det ikkje berre skal vere opp til Eid å invitere.

–  Du vil heller sitje på gjerdet?

–  Nei, vi skal vere aktive og ha ein god dialog med naboane, men folkerøystingar og innbyggjarundersøkingar har vist at det ikkje er vilje blant folk i Nordfjord til å etablere ein stor Nordfjord-kommune, og det må ein forhalde seg til, seier Sp-politikaren.

Må ta pPosisjon som regionsenter

Sigurd Reksnes peika i formannskapet på at det er vanskeleg med Eid + Selje sidan ein ikkje har felles kommunegrense, og no vert det truleg også slik at ein på hovudvegen til Stryn må køyre gjennom Møre og Romsdal og han sa at slik det no ser ut vil Stryn, Gloppen og Eid bli liggande som enkeltkommunar.

Reksnes tok elles til orde for at dersom ein skal gjere noko frå Eid si side, så må ein ta posisjonen som regionsenter om ein skal inn i nye forhandlingar.

 – Open for det meste

I formannskapsmøte torsdag var det ein kort orienteringsrunde om status for kommunereforma frå ordføraren si side. Der vart det sagt at Selje ønskjer å få til noko og er opne for å diskutere ein samla Nordfjordkommune, medan Vågsøy ikkje er positiv til det. Der ser ein føre seg at ein på lengre sikt går i retning av ein større kystkommune. Gloppen har som kjent sagt nei til Eid, men er positiv til samarbeid, medan Stryn etter Hornindal sitt vedtak ser føre seg å enten stå åleine, men er også open for å gå i nye sonderingar med Eid for å sjå kva ein kan få til.

Bjørlo signaliserte at Eid er open for det meste, men ein må vite at det er noko som er realistisk før ein set i gang med nye forhandlingar. Han peika på at Eid i dag er ein ufrivillig liten kommune, som vil få ein utfordring på kanskje 4-5 millionar kroner som følgje av dette. Han er spent på kva Fylkesmannen kjem til å seie.

Sjølvstendige vurderingar

Fylkesmannen vil kome med si innstilling 3. oktober, og Fylkesmann Anne Karin Hamre har varsla at ho vil gjere sine eigne sjølvstendige vurderingar, og spesielt ha fokus på små kommunar som Hornindal og Selje som kan få problem med å løyse sine oppgåver i framtida.

–  Somme trur vel at viss Eid sit heilt i ro, så vil Fylkesmannen ordne opp for å slå saman kommunar i Nordfjord, men det vil garantert ikkje bli det ho tilrår, påpeika Bjørlo.

Treng spark i ræva

– Mitt verdsbilete er annleis no enn i fjor haust. Det viktigaste som har skjedd er SIS.  Vi kan ikkje heilt legge bort tanken om å få til noko meir i Nordfjord, meinte Siri Sandvik (Ap). Ho oppfordra ordførar og rådmann til å halde kontakten med Stryn og Gloppen varm.

– Eg føler at prosessen har stoppa opp. Det skjer ikkje noko meir før nokon gjev oss eit spark i ræva. Eg veit ikkje korleis vi kan kome vidare, Det er ein tullete situasjon Vi skusla litt vekk ein sjanse. Det burde vore ein diskusjon på Nordfjordnivå, påpeika Tore Hjelle (H).

Flo vil snakke med Eid

Avisa Fjordingen skriv at formannskapet i Stryn innstiller seg på interkommunale samarbeid i Nordfjord, men fryktar ikkje tvangssamanslåing. Ordførar Sven Flo (H) sa i formannskapet i Stryn onsdag at Eid har signalisert i sitt formannskap at dei vil snakke med Stryn. Flo vil i dialog med Eid før Fylkesmannen skal anbefale kommunesamanslåingar. Ifølgje avisa var Flo tydeleg på at Stryn ikkje er i ein kategori der ein står i fare for å bli tvangssamanslått. Stryn har god økonomi og leverer gode tenester. Kommunen har folketalsvekst og har eit aktivt og sterkt næringsliv.

Vågsøy ønskjer sterk kystkommune

I Vågsøy kommunestyre sitt vedtak om kommunereforma vert det lagt vekt på at Vågsøy kommunestyre er opptatt av å sikre ein sterk kystkommune er positiv til å slå seg sammen med andre kystkommuner. Ein viser til folkeavrøysting der fleirtalet støtta ein kommune med Selje og Vanylven. Vågsøy kommunestyre føreset at Måløy framleis skal utvikle seg og vere eit sterkt senter, og kommunestyret ber ordfører, formannskap og administrasjonen arbeide vidare med å styrke relasjonane på kysten, for å legge til rette for ei utvikling basert på eksisterande og framtidige næringsvegar.

Selje ser økonomiske utfordringar

Selje kommune har fatta fylgjande samrøystes vedtak i sak om kommunereform: «Selje kommunestyre seier nei til samanslåing med Vågsøy åleine. Dette med bakgrunn både i folkerøystinga og det faktum at ein uansett ser dette alternativet som for lite. Samstundes ser ein dei store økonomiske utfordringane knytta til å stå åleine. Basert på dette ber Kommunestyret politisk og administrativ leiing om å sondere ulike alternativ for ei framtidig samanslått kommune. Sluttresultatet skal handsamast i Formannskapet og Kommunestyret…»