– Hundeeigarar er blitt meir bevisst på kva hundefôret inneheld den seinare tida. Det som er blitt ein trend no, er hundeeigarar som ikkje vil ha korn hundefôret, og spør etter andre alternativ, svarar butikksjef May Liza Johansen.

Dyrebutikken har i mange år hatt vom-fôr til hund i forskjellige pakningar, men har også fått inn nye variantar med reint kjøt i pølseform, som berre er tilsett vitamin. Ein kan også få frysetørka reint kjøt, som er lett å ta med seg, viss ein til dømes skal på fjellet med jakthunden sin. Utvalet i butikken er variert, og betjeninga er kursa i å rettleie kundane til rett type fôr til sin hund. Ein kan også få kjøpt fôr som er spesielt tilpassa dei forskjellige hunderasane, og om dyret er kvalp, særs aktiv, gammal, ung, sensitiv, hudproblem med meir. May Liza syner fram eit av dei siste merkene utan korn som er komme til butikken.

– Dette er eit heilt nytt merke vi har fått inn. Det er litt dyrare enn anna fôr med korn i, men ein kan nytte det same fôret til alle typar hund, viss ein berre føl rettleiinga om mengd på pakken.

Besøkte fôrprodusent

Sjølv har Johansen vore på Royal Canins hovudfabrikk i Frankrike, og med eigne auge sett produksjonen av fôret.

– Det var veldig stort der, og lange køar med lastebilar som skulle levere råvarer. Det vart teke prøver av kvar bil, og om ikkje kvaliteten var god nok, vart varene sendt i retur. Det var veldig strengt, og veldig bra. Dei forskar på alt muleg, og har mellom anna teke avstøyping av kjevane til hundar for å utvikle fôrkuler som passar dei forskjellige hunderasane best, fortel May Liza Johansen.