Veterinær Hanne Kristensen på Flora Dyreklinikk meiner korn i hundefôr ikkje er noko stort problem for helsa til hunden. Ho seier det ho oftast ser er hundeeigarar som fôrar kjæledyra sine feil, og dermed fører det til overvekt og diabetes.

– Det er veldig sjeldan vi får inn hundar med problem som kan sporast tilbake til korn i fôret. Vi ser ei auka i bevisstheit hos hundeeigarar, som set seg godt inn i kva dei fôrar hundane sine med. Hunden er altetar frå naturen si side, og vil også kunne fordøye korn i tørrfôret. Men ein hund kan ikkje overleve på berre vegetabilsk kost, det har vi dessverre hatt eksemplar på. Ein hundeeigar overførte sine eigne vegetariske matvanar over på hunden sin, det fungerte dårleg, fortel ho.

Overvekt og diabetes

Kristensen kan ikkje sjå at allergiar knytt til fôret er blitt meir vanleg no enn tidlegare. Det hundefôret som ho sel i klinikken sin er godt dokumentert, og godt tolt av hundane som brukar det.

– Tørrfôret med korn er utmerkt for dei aller fleste hundar. Det er heller unntaket enn regelen, viss nokon vert sjuke på grunn av fôret. Kjæledyra vert som regel sjuke fordi eigarane ikkje har sett seg inn i ernæringsbehovet til sitt dyr. Den problemstillinga som er vanlegast er overvekt og diabetes, grunna feilfôring og overfôring. Nokon rasar har lettare for å legge på seg enn andre, og treng ein spesifikk diett. Nokon slit med dårlege ledd, eller er bygd annleis som til dømes hundar med kort snute, dei kan ha god nytte av litt annan fasong på fôret for å fungere betre, forklarar ho.

I Kristensens klinikk kan hundeeigarar både kjøpe tørrfôr, reine proteinfôr i frosen tilstand (kjøt), eller frysetørka tilstand. Det ho sel mest av er likevel det vanlege blandingstypen tørrfôr med korn i.

Det har førebels ikkje lukkast Fjordabladet å komme i kontakt med lokale veterinærar om tema.

Veterinær Hanne Kristensen ved Flora dyreklinikk. Foto: Flora dyreklinikk